Prøvelauslating

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Prøvelauslating går ut på at ein person som er dømd til fengsel kan sleppe ut ifrå fengsel før straffa er sona heilt ferdig der.

Prøvelauslating i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Prøvelauslating vart prøvd i Noreg for første gong i 1900.

Kriminalomsorga skal ikkje beslutte prøvelauslating om omstenda etter ei totalvurdering ikkje gjer ei lauslating tilrådeleg. Det skal særleg leggjast vekt på korleis den dømde ter seg under gjennomføring av straffa, og om det er grunn til å tru at den dømde vil gjere nye straffbare handlingar i prøvetida.

Kriminalomsorga kan lauslate ein dømd person på prøve når personen, medrekna mogeleg varetektsfengsling, har gjennomført to tredelar av straffa og minst 60 dagar. Personar som er dømde i utlandet til fengsel i meir enn 21 år, og som er overførte til Noreg for å sone straffa si, kan prøvelauslatast etter å ha vore fengsla i meir enn 14 år.

Lauslating kan skje før to tredjedelar av straffa, men den dømde må ha særleg gode grunner for det og det er difor vanskeleg å få det.

Den som har vore utsett for brotsverk i straffesaka kan etter nærare reglar, varslast dersom prøvelauslating vert bestemt.

Prøvetida sluttar på det tidspunktet fengselsstraffa ville vore ferdig sona.

Bryt den lauslatne vilkåra for lauslatinga, vil det få konsekvensar, mellom anna kan det tyde at retten bestemmer at resten av straffa skal sonast i fengsel.

I Straffegjennomføringslova av 2001 §§42, 43 og 44 står nærare reglar for prøvelauslating.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]