Prøysenhuset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Prøysenhuset
StadRudshøgda
Opna1997, 2014
MuseumstypeKommunalt
Nettstadhttp://www.proysenhuset.no

Prøysenhuset er eit kulturhus og museum på Rudshøgda i Ringsaker kommune i Innlandet. Museet ligg i skogen rett på oversida av husmannsplassen Prøysen og Præstvegen, der diktaren Alf Prøysen voks opp. Hovuddelen i museet er ei permanent utstilling som fortel historia om livet og forfattarskapen hans Alf Prøysen. Utstillinga «Musehullet» gjev ei oppleving av korleis det er å vera så liten som ei teskei. Her er alt mykje større enn den besøkende.

Det opphavlege Prøysenhuset, opna i 1997

Kvart år arrangerer Prøysenhuset «Prøysenfestivalen Blåklokkevikua».

Prøysenhuset, teikna av arkitektfirmaet Snøhetta AS, vart gjeve i gåve frå Arthur Buchardt til Ringsaker kommune i samband med 100-årsjubileumet for Alf Prøysen i 2014, og erstatta det opphavlege Prøysenhuset frå 1997.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]