Prairie Wind

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Prairie Wind
Studioalbum av Neil Young
Utgjeve 27. september 2005
Innspelt Mars 2005
Sjanger Countryrock, folkrock, americana
Lengd 52:05
Selskap Reprise
Produsent Neil Young, Ben Keith
Neil Young-kronologi
Greendale
(2003)
Prairie Wind Living with War
(2006)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[1]
Music Box4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[2]
Robert ChristgauA−[3]
Music OMH3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[4]
Pitchfork Media(5.8/10)[5]
Rolling Stone3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[6]

Prairie Wind er det 30. studioalbumet til den kanadiske musikaren Neil Young, gjeve ut 27. september 2005. Etter å ha å flørta med soulmusikk frå 1960-åra (Are You Passionate?) og laga ein rockeopera (Greendale) dei føregåande åra, var Prairie Wind tilbake til ein akustisk stil som minna om dei mest populære albuma hans, som Harvest og Harvest Moon. Albumet var delvis inspirert av sjukdommen og det nylege dødsfallet til faren, den kanadiske journalisten Scott Young, og albumet er dedisert til han.

Young spelte inn albumet i Nashville før han vart operert for aneurisme våren 2005. På somme av songane på albumet ser det ut til at Young konfronterer dødelegheita si.

Albumet hadde premiere under to konsertar 18. og 19. august 2005 i Ryman Auditorium i Nashville. Desse konsertane vart filma av Jonathan Demme og gjeven ut som Heart of Gold.

Young spelte første gongen avslutningssongen «When God Made Me» på Live 8-konserten i Barrie i Canada.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Albumet debuterte på 11. plassen på Billboard 200-lista den 15. oktober 2015 med eit salstal på kring 72 000 eksemplar. Han låg på lista i 26 veker og hadde slet til gullplate den 23. januar 2006. Prairie Wind fekk to Grammypris-nominasjonar fo beste rockealbum av ein soloartist og beste rockesong av ein soloartist for «The Painter».[7]

I Noreg nådde albumet til tredjeplass.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Albumet vart av Robert Christgau rekna som «ei av dei nær døden-albuma» i lag med Mississippi John Hurt sitt Last Sessions (1972), Bob Dylan sitt Time Out of Mind (1997), Warren Zevon sitt The Wind (2003) og Johnny Cash sitt American VI: Ain't No Grave (2010).[8]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Neil Young. 

# Tittel Lengd
1. «The Painter»   4:36
2. «No Wonder»   5:45
3. «Falling Off the Face of the Earth»   3:35
4. «Far From Home»   3:47
5. «It's a Dream»   6:31
6. «Prairie Wind»   7:34
7. «Here for You»   4:32
8. «This Old Gitar»   5:32
9. «He Was the King»   6:08
10. «When God Made Me»   4:05

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Neil Young - akustisk gitar, elektrisk gitar, munnspel, piano, vokal
  • Ben Keith - Dobro, pedalsteel, slidegitar
  • Spooner Oldham - piano, Hammond B3 orgel, Wurlitzer elektrisk piano
  • Rick Rosas - bass
  • Karl Himmel - trommer, perkusjon
  • Chad Cromwell - trommer, perkusjon
  • Grant Boatwright - akustisk gitar, korvokal
  • Clinton Gregory - fele på «No Wonder»
  • Wayne Jackson - horn
  • Thomas McGinley - horn
  • Emmylou Harris - gjestevokal
  • Pegi Young (kona til Neil Young) - korvokal
  • Diana Dewitt - korvokal
  • Anthony Crawford - korvokal
  • Gary Pigg - korvokal
  • Curtis Wright - korvokal
  • Chuck Cochran - strykearrangement
  • Fisk University Jubilee Choir, dirigert av Paul Kwami

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Stephen Thomas Erlewine (27. september 2005). «Prairie Wind - Neil Young | Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 11. mars 2019. 
  2. John Metzger. «Neil Young - Prairie Wind (Album Review)». Musicbox-online.com. Henta 11. mars 2019. 
  3. «CG: neil young». Robert Christgau. Henta 11. mars 2019. 
  4. «Neil Young - Prairie Wind». Web.archive.org. Arkivert frå originalen 23. november 2005. Henta 11. mars 2019. 
  5. «Neil Young: Prairie Wind | Album Reviews | Pitchfork». Pitchforkmedia.com. 28. september 2005. Henta 11. mars 2019. 
  6. Sheffield, Rob (6. oktober 2005). «Neil Young Prairie Wind Album Review». Rolling Stone. Henta 11. mars 2019. 
  7. «Neil Young News: 2 Grammy Nominations for Neil Young». Thrasherswheat.org. 9. desember 2005. Henta 11. mars 2019. 
  8. Christgau, Robert (May 2010). «Consumer Guide». MSN Music. Henta 11. mars 2019 – via robertchristgau.com.