Praktisk-pedagogisk utdanning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) er ei eittårig vidareutdanning ved universitet og høgskular i Noreg som kvalifiserer for arbeid som lærar, adjunkt eller lektor i mellomtrinnet til barneskulen, ungdomsskule eller vidaregåande skule. Utdanninga baserer seg på tidlegare utdanning i minst tre år som inkluderer minst eitt skulefag på 60 studiepoeng eller meir. Ein kan òg søkja opptak basert på yrkesutdanning.

Studiet inneheld både undervising i generelle pedagogiske emne og fagdidaktikk i eit eller fleire skulefag. Praksis i 12-14 veker ved ein skule er ein obligatorisk del av studiet.

Om ein ikkje har allmennlærarutdanning eller tilsvarande er det eit krav om PPU for å få fast tilsetning i undervisingsstilling ved norske skular. Tidlegare vart utdanninga kalla pedagogisk seminar (ped.sem.) og varte då berre eit halvt år.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]