Hopp til innhald

Pravdinsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pravdinsk
Правдинск
by
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Kaliningrad oblast
Areal 10 km²
Folketal 3 934 (2023)[1]
Grunnlagd 1312
Retningsnummer +7 40157
Kart
Pravdinsk
54°27′00″N 21°01′00″E / 54.45°N 21.016666666667°E / 54.45; 21.016666666667
Wikimedia Commons: Pravdinsk

Pravdinsk[a] er ein by i Kaliningrad oblast i Russland med om lag 4 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Łyna, rundt 50 km søraust for Kaliningrad.

Byen vart grunnlagd i 1312 av Den tyske riddarordenen i Preussen, ved ein vadestad over elva. Med namnet Friedland («fredeleg land») vart byen innlemma i Hertugdømet Preussen etter sekulariseringen av Den tyske ordenen i 1525 og vart ein del av Kongeriket Preussen i 1701 og i Det tyske keisarriket i 1871.

Byen vart erobra av den raude armeen under den andre verdskrigen og vart saman med resten av Aust-Preussen annektert av Sovjetunionen som følgje av Potsdamkonferansen i 1945. Den tyske folkesetanden vart anten evakuert eller utvist. Bynamnet vart endra til Pravdinsk.

  1. russisk Правдинск, tysk Friedland in Ostpreußen, litauisk Romuva, polsk Frydląd

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Pravdinsk