Hopp til innhald

Prawo i Sprawiedliwość

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Prawo i Sprawiedliwość

LandPolen
Partileiar(ar)Jarosław Kaczyński
GrunnleggjararLech Kaczyński
Grunnlagt13. juni 2001
HovudkvarterWarszawa
Ungdomsorg.Forum Młodych PiS
Medlemstal45 000 (2021)
Ideologinasjonalkonservatisme, sosialkonservatisme, euroskeptisisme, økonomisk nasjonalisme, høgrepopulisme, Polish nationalism, antikommunisme, solidarisme, etatisme, kristne høgre Sjå dette på Wikidata
Politisk posisjonhøgresida

Prawo i Sprawiedliwość (polsk for Lov og rettferd, forkorta PiS) er eit nasjonalkonservativt, populistisk politisk parti i Polen. Partiet vart skipa i 2001 av tvillingbrørne Lech Kaczyński og Jarosław Kaczyński.[1] Partiet går inn for ein etter måten stor statleg innverknad på økonomien, styrke lov og orden og å gripe inn mot korrupsjon, og er dessutan såkalla EU-skeptisk, det vil seie at partiet er kritisk til den noverande byråkratiske oppbygginga og gjeng mot auka integrasjon i Den europeiske unionen.

Lov og rettferd fekk ved valet til det polske parlamentet i 2015 reint fleirtal i båe kammera, 235 mandatar i Sejmen og 61 i senatet. Toppkandidaten for partiet i dette valet, Beata Szydło, vart statsminister i Polen 16. november 2015. Same år vart Andrzej Duda vald til president i Polen. Partiet heldt fram med den lovgjevande og utøvande makta i Polen etter valet i 2019, og hadde mellom anna gripe langt inn i samansetjinga av domstolane og halde kontroll med dei statlege ålmennkringkastarane. Då partiet styrte, vart Polen skildra som eit «illiberalt demokrati».[2][3][4][5][6]

I Europaparlamentet har partiet 19 representantar, og alle desse er med i det konservative og anti-føderalistiske felleseuropeiske politiske partiet Alliansen av europeiske konservative og reformistar, som vart skipa 1. oktober 2009.

  1. Lundbo, Sten (17. juli 2023). «Partiet for lov og rettferdighet». Store norske leksikon (på norsk).
  2. Fomina, Joanna og Kucharczyk, Jacek (2016). «Populism and Protest in Poland». Journal of Democracy (på engelsk) 27 (4): 58–68. doi:10.1353/jod.2016.0062.
  3. Sadurski, Wojciech (2019). Poland's Constitutional Breakdown (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-884050-3.
  4. Surowiec, Paweł og Štětka, Václav (2020). «Introduction: media and illiberal democracy in Central and Eastern Europe». East European Politics (på engelsk) 36 (1): 1–8. doi:10.1080/21599165.2019.1692822.
  5. Sata, Robert og Karolewski, Ireneusz Pawel (2020). «Caesarean politics in Hungary and Poland». East European Politics (på engelsk) 36 (2): 206–225. doi:10.1080/21599165.2019.1703694.
  6. Cyndecka, Malgorzata Agnieszka (2022). «Den polske rettsstatskrisen og EØS-midlene». Lov og Rett (på norsk) 61 (2): 67–68. doi:10.18261/lor.61.2.2.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Prawo i Sprawiedliwość