Prayagraj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Prayagraj
Allahabad
by
Akbar Fort Allahabad.jpg
Akbar-festninga
Land Flag of India.svg India
Stat Uttar Pradesh

Allahabad
25°27′ N 81°51′ E
Wikimedia Commons: Allahabad

Prayagraj, tidlegare Allahabad er ein by i den indiske delstaten Uttar Pradesh. Byen har 4 941 510 innbyggjarar (2001).

Prayagraj er ein av dei fire stadane der kumbh mela-festivalen blei halden (dei andre er Haridwar, Ujjain og Nasik). Dei heilage elvene Ganges og Yamuna møter kvarandre ved ei landtunge som blir kalla Sangam, og skal ifølgje tradisjonen sameinast med den mytiske elva Sarasvati til ei heilag treeining, Triveni.

Mauni amavasya under kumbh mela 2019.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Stader der dei to heilage elvane Ganges og Yamuna har vore kjend som Prayāga, som tyder 'offerstad' på sanskrit,[1] sidan gammal tid. Guden Brahma skal ha uftført det alle første offeret (yāga, yajna) her.[2][3]

Ordet prayāga har tradisjonelt blitt brukt om mange stader elvar renn saman. Ifølgje ei overlevering skal også ei tredje elv, den usynlege Sarasvati, ha runne saman med Ganges og Yamuna her. Triveni Sangam eller berre Sangam er ei nemning brukt om denne samanrenninga til tre elvar.

Prayagraj (sanskirt Prayāgarāja), som tyder 'kongen av prayāgaer', blir brukt for å visa til at denne samanrenninga er den største av deifem heilage samanrenningane i India.[4]

stormogulen Akbar vitja området i 1575 gav han ordre om å byggja ein festning på staden. Denne stod ferdig i 1584 og blei kalla Ilahabas, som tyder 'Gudsheim'. Namnet blei seinare endra til Allahabad (hindi इलाहाबाद, urdu الہ آباد Ilāhābād) under Shah Jahan.

I moderne India har det vore gjort fleire forsøk på å endra namnet på byen av BJP. I 1992 blei den planlagde endringa frå Allahabad til Prayagraj stoppa då sjefsminister Kalyan Singh måtte gå av etter øydelegginga av Babri Masjid. I 2001 gjorde Rajnath Singh eit anna mislukka forsøk.[5] Omdøypinga blei endeleg fullført i oktober 2018 då regjeringa til Yogi Adityanath offisielt endra namnet på byen til Prayagraj.[6][7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Monier-Williams, Monier. «A Sanskrit–English Dictionary». www.sanskrit-lexicon.uni-koeln.de. Henta 18. april 2020. 
  2. India Today Web Desk (15 October 2018). «Yogi Adityanath takes Allahabad to Prayagraj after 443 years: A recap of History». India Today. Arkivert frå originalen 13. februar 2019. Henta 12. februar2019. 
  3. टाइम्स नाउ डिजिटल. «क्या है प्रयागराज का मतलब? सृष्टि की रचना के बाद जहां ब्रह्मा ने सबसे पहले संपन्न किया था यज्ञ». Times Now (på hindi). Arkivert frå originalen 13. februar 2019. Henta 12. februar 2019. 
  4. Akrita Reyar (17 October 2018). «What does 'Prayagraj' actually mean?». Times Now. Arkivert frå originalen 13. februar 2019. Henta 12. februar 2019. 
  5. Kama Maclean (2008). Pilgrimage and Power: The Kumbh Mela in Allahabad, 1765–1954. Oxford University Press. s. 67. ISBN 9780195338942. 
  6. «Allahabad to Prayagraj: UP cabinet okays name change». India Today (på engelsk). Arkivert frå originalen 16. oktober 2018. Henta 16. oktober 2018. 
  7. «UP Government Issues Notification Renaming Allahabad To Prayagraj». NDTV.com. Arkivert frå originalen 21 October 2018. Henta 24 October 2018.