Preben Vildalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Preben Vildalen (fødd 6. juni 1972) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Kristiansand. Han vart noregmeister med Sandefjord TIF i 1998/99, 2005 og 2007. Vildalen utmerkte seg fyrst og fremst som forsvarsspelar.

Vildalen var aktiv for Kristiansand IF til 1997, sidan spelte han på Sandefjord TIF til januar 2000. Dei neste åra fram til 2005 gjorde han teneste i to tyske klubbar, fyrst Eisenach og så Post Schwerin. Etter han vende heim til Noreg spelte Vildalen atter for Sandefjord TIF, før han avslutta med spel for ØIF Arendal. Han la opp i 2012.

Frå mai 1994 til januar 2007 deltok Vildalen i 201 av Noregs landskampar, skåra 312 mål.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]