Predikat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

I tradisjonell grammatikk er eit predikat ein av de to hovuddelane i ei setning (den andre hovuddelen er subjektet, som vert modifisert av predikatet). I moderne lingvistisk semantikk er eit predikat eit uttrykk som kan vera sant om noko. Uttrykk som er gul er sanne om dei tinga som er gule, og likar brokkoli er sant om dei som likar brokkoli. Denne måten å definere predikat på er nært relatert til predikatslogikken, og vil inkludera fleire uttrykk enn den tradisjonelle definisjonen. Til dømes vil substantiv og nokre typar adjektiv tella som predikat i fylgje den moderne definisjonen, men ikkje i fylgje den tradisjonelle.

Predikat i tradisjonell grammatikk[endre | endre wikiteksten]

I tradisjonell grammatikk er eit predikat ein av de to hovuddelane i ei setning. Predikatet må innehalda eit verb, og verbet vil krevja, tillata eller utelukke andre setningsledd til/frå og gjera predikatet fullstendig. Dette vert ofte referert til som verbet sin valens og vert nærare diskutert i artikkelen om verb. I den fyrste setninga nedanfor er objekt et (boka si) naudsynt for å utfylla predikatet. I resten av setningane er predikata understreka, og dei setningsledda som er påkravd for å utfylle desse er sett i [hakeparentesar].

Jens las [boka si]. (objekt påkravd)
Jens ventar [på nokon]. (adverbial påkravd)
Jens gav [oss] [ei gåve]. (indirekte og direkte objekt påkravd)
Ho trefte [han/honom] (i parken). (objekt påkravd og stadsadverbial tillate) (Ordet 'honom' hadde før same funksjon som 'ham' i bokmål; det understreka at dette var eit objekt — direkte eller indirekte).

Kopulaverbet vere må til for å laga eit predikat av ikkje-verbale fraser, som substantivfraser og adjektivfraser. Når substantiv– og adjektivfraser vert brukt som predikat med kopula, ver dei kalla predikative subjstantiv– og adjektivfraser.

Jens er ein luring'. (ein luring er ein predikativ substantivfrase)
Jens er veldig lur. (veldig lur er ein predikativ adjektivfrase)

Predikatet seier noko om subjektet. Relasjonen mellom eit subjekt og eit predikat vert ofte for kalla eit neksus.

Predikat i filosofi[endre | endre wikiteksten]

I filosofi meiner ein med "predikat" stort sett det som kan "seiast om" noko anna, ofte eit substantiv. Her kan Aristoteles sine ti verekategoriar vere hjelp i.

Substansar (kat. 1) er unike i at dei er uavhengige. Dei andre ni kategoriane er "tilfeldige." Desse er alle avhengige av substansar og kan ikkje eksistere i seg sjølv. Døme: raudleik, storleik, etc.

  1. Substans (gr. usia)
  2. Kvantitet (gr. poson, "kor mykje")
  3. Kvalitet (gr. poion, "av kva kvalitet")
  4. Relasjon (gr. pros ti, "mot noko")
  5. Stad (gr. pou, "kor")
  6. Tid (gr. pote, "når")
  7. Posisjon (gr. keisthai, t.d "å liggje")
  8. Tilstand eller habitus (gr. echein, "å ha")
  9. Aksjon (gr. poiein, "å lage" eller "å gjere")
  10. Pasjon (gr. pschein, t.d. "å gjennomgå")

Kategori 2-9 er alle predikert av eit substantiv, eller t.d. av kvarandre.

Jens ligg i senga. (Kat. 7) "Ligg i senga" er predikert av Jens.

Klassar av predikat[endre | endre wikiteksten]

Predikat kan delast inn i forskjellige klassar etter forskjellige skiljelinjer. Nokre av dei norske termane som vert brukt nedanfor er ikkje veletablerte, men det finst ofte ingen gode norske alternativ. Dei engelske (meir veletablerte) omsetjingane er gjevne i parantes.

Carlson-klassar[endre | endre wikiteksten]

Lingvisten Greg N. Carlson synte at predikat kan delast inn i dei fylgjande klassane, som har å gjere med korleis eit predikat er relatert til subjektet.[1] For vidare diskusjon av skiljet mellom individ– og stadiumpredikat, sjå Kratzer[2] og Jäger.[3]

Stadiumpredikat[endre | endre wikiteksten]

Eit stadiumpredikat ("stage-level" predikat, ofte forkorta "s-l-predikat") er sant om eit stadium av subjektet i tida. Dersom Jens er svolten er dette ein eigenskap som varar ei stund, og vanlegvis ikkje heile tida. Stadiumpredikat kan opptre i særs mange grammatiske konstruksjonar, og er sannsynlegvis den mest (mat–)nyttige av Carlson-klassane.

Individpredikat[endre | endre wikiteksten]

Et individpredikat ("individual-level" predikat, ofte forkorta "i-l-predikat") er alltid sant om subjektet. Dersom Jens er menneske er dette ein eigenskap ved han uansett kva tidspunkt vi vurderer.

Individpredikat er meir avgrensa enn stadiumpredikat med omsyn til kva grammatiske omgjevnader dei kan opptre i. Individpredikat er ugrammatiske i "presentasjonssetningar":

Grammatisk: Det er brannmenn tilgjengeleg. (tilgjengeleg er eit stadiumpredikat)
Ugrammatisk: *Det er brannmenn sjølvoppofrande. (sjølvoppofrande er eit individpredikat)

Stadiumpredikat kan modifiserast av måtesadverb og andre predikatsadverbial. Individpredikat kan ikkje verta modifisert på denne måten.

Grammatisk: Jens snakkar fransk særst høgt ute i gongen. (snakka fransk kan tolkast som eit stadiumpredikat og tillet då adverbiala særst høgt og ute i gongen)
Ugrammatisk: *Jens kan fransk særst høgt ute i gongen. (kunna fransk er eit individpredikat, og tillet difor ikkje adverbiala særst høgt eller ute i gongen)

Når (verbet i et) eit individpredikat vert bøya i preteritum får vi noko som ofte vert kalla ein livtidseffekt: Subjektet må antakast å vera dødt, ikkje lenger eksisterande eller på andre måtar utilgjengeleg.

Jens var tilgjengeleg. (stadiumpredikat ingen livstidseffekt)
Jens var sjølvoppofrande. (individpredikat livstidseffekt)

Slagspredikat (kind-level predikat)[endre | endre wikiteksten]

Et slagspredikat ("kind-level" predikat, nokon gonger forkorta "k-l-predikat") seier noko om slag eller typar av ting, men kan ikkje verta brukt om individuelle medlemmar av dette slaget. Eit døme på dette er har døydd ut. Ein kan ikkje seie om eit individuelt dyr at det har "døydd ut." Dei kan ein berre seie om arten dette individet er (var) eit medlem av, som i det fylgjande dømet.

Mammutelefanten har døydd ut.

Nokre typar substantivfraser kan ikkje fungera som subjektet til eit slagspredikat. Eigenamn kan det ikkje, og heller ikkje ubestemte substantivfraser i eintal. Dersom substantivfrasen er bestemt, kan den vera subjekt for eit slagspredikat, også dersom den er bøya i fleirtal.

Ugrammatisk: *Dagros har døydd ut.
Ugrammatisk: *Ein mammutelefant har døydd ut.
Grammatisk: Mammutelefanten har døydd ut.
Grammatisk: Mammutelefantane har døydd ut.
Grammatisk: Mammutelefantar har døydd ut.

Gruppepredikat vs. distributive predikat[endre | endre wikiteksten]

Ei anna inndeling av predikat har å gjere med korleis dei interagerer med fleirtalssubjekt. Gruppepredikat (eller kollektive predikat) krev fleirtalssubjekt, mens distributive predikat gjer ikkje det. Døme på gruppepredikat er omringa huset og lyfte pianoet saman, eller treffast på byen.

Grammatisk: Gutane omringa huset.
Grammatisk: Gutane lyfta pianoet saman.
Ugrammatisk: *Guten omringa huset.
Ugrammatisk: *Guten lyfta pianoet saman.

Substantivfraser som har eit gruppesubstantiv som kjerne, kan fungera som subjekt for eit gruppepredikat, sjølv når dei er bøya i eintal. Døme på gruppesubstantiv er komité, flokk og gjeng.

Grammatisk: Komiteen lyfta pianoet saman'.

Nokre kvantifiserte substantivfraser kan kombinerast med gruppepredikat, mens andre ikkje kan det. Substantivfraser med determinanten alle kan, mens dei med determinanten kvar er ugrammatiske i slike setningar. (På nynorsk er dette vanskeleg å finne gode døme på, difor er dei to døma nedanfor på bokmål).

Grammatisk: Alle gutane møttest i skogen.
Ugrammatisk: *Kvar gut møttest i skogen.

Vendler-klassar[endre | endre wikiteksten]

Filosofen Zeno Vendler klassifiserte verb etter deira aspektuelle eigenskapar.[4] Grovt sagt har dei å gjere med korleis verba presenterer tidsforløpet til dei hendingane dei refererer til. Etter arbeida til den nederlandske lingvisten Henk Verkuyl er det ålment anerkjent at Vendler si klassifisering bør brukast på predikat snarare enn verb.[5] [6] [7]Korvidt Vendler-klassane er korrekte i sin originale form, er et kontroversielt tema, men dei fleste semantikarar er einige i at noko slikt som Vendler-klassane er relevant. Vendler-klassar er relaterte til omgrepet telisitet.

Tilstandar[endre | endre wikiteksten]

Eit predikat er ein tilstand ("state"), dersom det presenterer den "hendinga" den refererer til som ein statisk, uforanderleg masse. Slike predikat kan seiast å vere temporalt uavgrensa. Ein setning som Jens er sjuk seier ingenting om kor lenge Jens er sjuk, eller når denne tilstanden sette inn. Døme på tilstandspredikat er er sjuk, kan fransk, søv og er sint.

På engelsk kan desse tilstandspredikata vanlegvis ikkje bøyast i progressiv. Norsk har ikkje noko progressiv bøying, men vi har uttrykk som "held på med å" "driv og" som har om lag same tydinga og gjev særs like resultat.

Ugrammatisk:*Jens driv og er sint.
Ugrammatisk:* Jens driv og kan fransk.
Ugrammatisk:*Jens driv og er sjuk.

Dei kan opptre saman med adverbial som i ein time, men ikkje med på ein time.

Grammatisk: Jens var sjuk i tre dagar.
Ugrammatisk:* Jens var sjuk på tre dagar.

Aktivitetar[endre | endre wikiteksten]

Aktivitetspredikat liknar på tilstandspredikat på den måten at dei presenterer hendingar som "uavgrensa i tid." Dei skil seg frå tilstandspredikat fordi dei involverer endring. Døme på aktivitetspredikat er jogga, snorka høgt, falla gjennom lufta, osv.

På engelsk kan aktivitetar bøyast i progressiv, og på norsk kan dei dermed opptre saman med "driv og.." eller "held på med å..."

Jens driv og snorkar høgt.
Jens driv og fell gjennom lufta.

Dei er som tilstandspredikat med omsyn til adverbiala i/på ein time.

Grammatisk: Jens ramla gjennom lufta i ein time.
Ugrammatisk: *Jens ramla gjennom lufta på ein time.

Fullføringar (accomplishments)[endre | endre wikiteksten]

Fullføringspredikat involverer også endring, men dei presenterer hendingar som temporalt avgrensa. De vert ofte "dekomponert" i to "endepunkt" og ein "prosess." Døme er byggja eit hus og springa til butikken.

På engelsk kan fullføringspredikat også bøyast i progressiv, og på norsk kan dei kombinerast med "driv og" eller "held på med å."

Jens held på og byggjer et hus.

Dei kan ikkje kombinerast med i ein time, men dei kan kombinerast med på ein time.

Jens sprang til butikken på ein time. (Ugrammatisk: *i ein time)

Prestasjonar (Achievements)[endre | endre wikiteksten]

Prestasjonspredikat er som fullføringspredikat som manglar ein prosess. Dei refererer til ei brå eller punktmessig endring. Døme er "nå toppen," "vinna konkurransen" eller "finna brillene sine."

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Carlson, Greg N. 1977. A unified analysis of the English bare plural. Linguistics and Philosophy,1:3, 413-458.
  2. Kratzer, Angelika. 1995. Stage Level and Individual Level Predicates," i G. Carlson &F.J. Pelletier (red.): The Generic Book. Chicago (The University of Chicago Press).
  3. Jaeger, Gerhard. 2001. Topic-comment structure and the contrast between stage level and individual level predicates, Journal of Semantics 18(2), s. 83-126.
  4. Vendler, Zeno. 1967. Linguistics in Philosophy. Cornell University Press, Ithaca.
  5. Verkuyl, Henk. 1972. On the Compositional Nature of the Aspects. Foundations of Language Supplement Series, nr. 15. Dordrecht. 185 pages.
  6. Verkuyl, Henk. 1993. A Theory of Aspectuality. The Interaction between Temporal and Atemporal Structure.. CSIL 64. Cambridge University Press.
  7. Krifka, Manfred. 1989."Nominal Reference, Temporal Constitution and Quantification in Event Semantics." In R. Bartsch, J. van Benthem, P. von Emde Boas (eds.), Semantics and Contextual Expression, Dordrecht: Foris Publication.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]