Prediksjonsmarknad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein prediksjonsmarknad – også kalla «meiningsmarknad» eller «informasjonsmarknad» - er ein marknad som er oppretta med formål om å bruke den informasjonen som kan lesast ut i frå marknadsverdiane til å forutsei bestemte framtidige hendingar . Slike hendingar kan vere politiske valutafall, det framtidige salsvolumet av ei vare laga av ei verksemd, eller anna. Deltakarane kjøper og sel «aksjar» på same måte som på regulære aksjebørsar, og deltakarane maksimerer profitten ved å kjøpe til låg pris og selje til høg pris.

Prediksjonsmarknader vart først nytta som eksperiment av forskarar ved University of Iowa – dei såkalla Iowa Electronic Markets (IEM). Sidan 1988 har desse marknadane mellom anna forutsagt utfalla i dei amerikanske presidentvala jamt over med større presisjon enn konkurrerande meiningsmålingar og statsvitskaplege stemmegjevingsmodellar . I kjølvatnet av suksessen til IEM vart det på 1990-talet gjort ulike forsøk på å overføre prediksjonsmarknadane til forretningslivet, blant anna av Hewlett-Packard og av Siemens . Desse var vellukka, og i dag eksisterer det derfor kommersielle selskap som tilrettelegg prediksjonsmarknader for andre bedrifter. I internasjonal samanheng er Newsfutures Ltd. og Foresight Exchange dei mest kjende i dag, og i Noreg leverer PrediMark slike tenester.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Berg, JE, R Forsythe, F Nelson og TA Rietz (2000): «Results from a dozen years of election futures market research». Technical report, University of Iowa.
  • Berg, JE, F Nelson og TA Rietz (2003): «Accuracy and Forecast Standard Error of Prediction Markets». Working draft. Henry B. Tippie College of Business and Administration; University of Iowa.
  • Chen, K, C Plott (2002): «Information Aggregation Mechanisms: Concept, Design and Implementation for a sales forecasting problem». Social Science Working Paper 1131. California Institute of Technology.
  • Hayek, F. A. (1945): «The Use of Knowledge in Society». The American Economic Review, vol. 35, nr. 4, s. 519-530.
  • Wolfers, Justin, E Zitzewitz (2004): «Prediction Markets». Journal of Economic Perspectives, vol. 18, nr. 2, s. 107-126.