Hopp til innhald

Preike

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Preiken)
Jesus Kristus held bergpreika. Måleri av Carl Heinrich Bloch frå 1877.

Preike (frå norrønt prédikan av latin praedicare, «rope ut», «forkynne») er ei oppbyggjeleg tale i ei gudsteneste.

Ordet vert òg bruka som nemning for einetalar, helst då med moraliserande innhald, men i skjemtande eller nedsetjande tyding òg om andre talar.

Preika i gudstenesta

[endre | endre wikiteksten]

I Den norske kyrkja er det til vanleg ein prest, liturgen, som preiker, men etter gudstenesteboka kan han overlate preika til andre. Predikanten tek utgangspunkt i søndagens preiketekst som er fastlagd av kyrkjemøtet.

Ei klassisk preike skal følgje visse stilideal. Ho skal ta utgangspunkt i teksten det skal preikast over, og setje denne teksten inn i ei bibelhistorisk samanheng. Vidare skal predikanten fortelje korleis teksten var meint den gongen han vart skriven, og korleis teksten kan ha meining for folk i dag. Til slutt skal teksten knytast til det kristne håpet som ligg i at Jesus Kristus døydde og stod opp for oss.

I ei moderne gudsteneste varer preika gjerne eit kvarters tid. Predikanten har stor fridom i utforminga av preika.

Preiker vert òg trykte i preikesamlingar, såkalla postillar, bøker som var folkeeige før i tida.