Prelude/Angry Young Man

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Prelude/Angry Young Man
Song av Billy Joel
frå albumet Turnstiles
Utgjeve 1976
Innspelt Ultra Sonic Studio i Hempstead, NY
Sjanger Rock, progressive rock
Lengd 5:17
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Billy Joel
Produsent Billy Joel

«Prelude/Angry Young Man» er ein song skriven av Billy Joel for albumet Turnstiles i 1976. Konsertopptak av songen finst på KOHЦEPT, 2000 Years: The Millennium Concert, 12 Gardens Live og Live at Shea Stadium: The Concert.

Den instrumentale «Prelude» varer kring 1 minutt og 45 sekund, og startar med eit raskt, hamrande pianoriff. Songen svingar gjennom forskjellige stiar som Aaron Copland-aktig ballade til funk til ein Southwestern beat. Joel spelar den raske innleiinga sjølv, men tidlegare flytta han songen heilt i starten av konserten, mellom anna fordi det var lettare å klare å gjennomføre songen i adrenalinaugneblinka i starten av eit show, og ikkje etter han alt hadde brent ein del av energien på andre songar i showet.

Songen glir så over i «Angry Young Man», som handlar om ein ung, militant opprørar som kjempar mot vonde ting i livet trass stadig mislukka hendingar («He refuses to bend, he refuses to crawl / And he's always at home with his back to the wall / And he's proud of his scars and the battles he's lost / And he struggles and bleeds as he hangs on his cross / And he likes to be known as the angry young man»). Songen stiller ein konstrast med den sinte ungdomen og den modne, livstrøytte utsikta, som ein kanskje kan sjå som den unge mannen som eldre nokon som ein gong kjende seg som ein sint, ung mann gjer («I believe I've passed the age of consciousness and righteous rage / I found that just surviving was a noble fight / I once believed in causes too / I had my pointless point of view / And life went on no matter who was wrong or right».)

Sjølv om songen aldri vart gjeven ut som singel vart «Prelude/Angry Young Man» ein populær song blant fansen til Joel og fast på konsertane hans. «Prelude» vart nytta som kjenningsmelodi for det tyske talkshowet Live (1988-1996); og for Grampian Television sitt sommarshow «Summer at Six» tidleg i 1980-åra.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]