Premiata Forneria Marconi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Premiata Forneria Marconi

Premiata Forneria Marconi spelar på "Notte Per Te"-festivalen i august 2007.
OpphavMilano i Italia
Aktiv1970 til i dag
SjangerProgressiv rock
PlateselskapNumero Uno, Manticore, Apple Records, The Rocket Record Company
MedlemmerFranco Mussida
Franz Di Cioccio
Patrick Djivas,
Lucio Fabbri
Gianluca Tagliavini
Piero Monterisi
Tidlegare medlemmerFlavio Premoli
Roberto Gualdi
Giorgio Piazza
Mauro Pagani
Bernardo Lanzetti
Gregory Bloch
Walter Calloni

Premiata Forneria Marconi (PFM) (tyder: Det prisvinnande Marconi-bakeriet) er eit italiensk progressiv rockeband. Dei vart den første italienske gruppa som hadde suksess i utlandet og gjekk inn på salslistene både i Storbritannia og USA. Mellom 1973 og 1977 gav dei ut fem album med engelsk tekst. Dei hadde òg fleire populære turnear i Europa og Amerika og spelte på den populære Reading Festival i England og på eit populært nasjonalt TV-program i USA.

PFM innførte nye lydar, som synthesizeren, i italiensk musikk. Dei var òg av dei første til å kombinere symfonisk klassisk og tradisjonell italiensk musikk med rock. Dette og den lange tida dei har halde på har gjort til dei til eit av dei viktigaste banda i den internasjonale progrock-sjangeren.

Historie[endre | endre wikiteksten]

1966-1970[endre | endre wikiteksten]

Frå venstre til høgre: Patrick Djivas, Franz Di Cioccio, Franco Mussida.

Dei originale kjernemedlemmane i PFM (Mussida, Di Cioccio, Premoli, and Piazza) kom saman i midten av 1960-åra og spelte i lag som akkompagnement for mange italienske pop-, rock- og folkeartistar, som Lucio Battisti, Mina, Adriano Celentano og Fabrizio De André. Dei var med på mange innspelingar for andre artistar i denne perioden og etablerte seg raskt som nokre av dei mest etterspurte i italiensk rock og pop. Mussida, Premoli, Piazza og Di Cioccio danna så gruppa «I quelli» (tyder 'Dei der' eller 'Dei karane') i 1968. I quelli gav ut eitt album og nokre populære italienske singlar.

Premiata Forneria Marconi vart offisielt starta i Milano i 1970 då medlemmar av I quelli møtte Mauro Pagani frå gruppa Dalton. Pagani hjelpte gruppa å utvide stilen sin med fiolin og fløyte. På denne tida var dei alt erfarne musikarar og hadde ingen problem med å spele kompleks progressiv heavy rock, som leiande engelske og amerikanske grupper spelte. På dei tidlege konsertane sine spelte dei mellom anna coverversjonar av grupper som King Crimson og Jethro Tull.[1] Andre band som inspirerte dei i starten var Chicago, Ekseption og The Flock.

Dei hadde eit langt namn, som italienske progressive band hadde ein tendens til å ha på denne tida, så dei vart vanlegvis berre omtalt som «La Premiata» og seinare «PFM». Etter å ha forkasta Isotta-Fraschini (ein italiensk bilprodusent) slo gruppa seg til ro med forslaget til Pagani, «Forneria Marconi» (som tyder «Bakeriet Marconi»), lånt frå eit skilt i ein butikk i den vesle byen Chiari, nær Brescia. Plateprodusenten og venen Alessandro Colombini meinte at namnet ikkje var tydeleg nok og la til «Premiata» (prisvinnande). Somme meinte namnet «Premiata Forneria Marconi» var for langt, men gruppa meinte at dess vanskelegare det var å hugse namnet til bandet, dess vanskelegare var det å gløyme.

Italiensk og internasjonal suksess (1971-1975)[endre | endre wikiteksten]

Franz Di Cioccio (med Lucio Fabbri i bakgrunnen.)

I juni 1971 vart PFM inviterte til den første Festival d'Avanguardia e Nuove Tendenze i Viareggio, som dei vann, i lag med Osanna og Mia Martini. Seinare i 1971 fekk gruppa kontrakt med Numero Uno, ei avdeling under RCA Records i Italia, og gav ut den første singelen sin, «Impressioni di settembre»/«La carrozza di Hans». Han vart ein suksess og kjend som den første italienske hitsingelen med syntheiszer på. Begge songane vert framleis mykje spelt av gruppa.

Tidleg i 1972 gav PFM ut det første albumet, Storia di un minuto. Albumet toppa den italienske albumlista den første veka og bandet vart det første frå Italia som oppnådde slik suksess. Det inneheld nyinnspelingar av den første singelen, i tillegg til «È Festa» og «Dove... Quando...», som framleis ofte vert framført på konsertane deira.

Seinare i 1972 gav dei ut det andre albumet sitt, Per un amico. Dette albumet opna døra for eit større publikum over heile Europa. Musikken vart spelt inn med ein meir sofistikert 16-sporsproduksjon der bandet foredla den italienske progrockstilen sin.

Greg Lake frå Emerson, Lake & Palmer oppdaga PFM medan ELP var på turne i Italia og PFM fekk kontrakt med Manticore Records. Det første albumet på Manticore, Photos of Ghosts vart gjeve ut i heile Europa, Japan og Nord-Amerika og PFM vart det første italienske rockebandet som fekk suksess utanlands. Det var òg eit av dei første ikkje-britiske europeiske innspelingane som hadde suksess på listene i USA, og nådde 180. plass på Billboard 200 i november 1973. Albumet inneheld stort sett nyinnspelingar frå Per un amico med engelsk tekst. Dei nye tekstane (ikkje omsetjingar) vart skrivne av det tidlegare King Crimson-medlemmet Peter Sinfield, som hjelpte til med å produsere og mikse den nye innspelinga ved Advision Studios i London. Sinfield foreslo òg å forkorte namnet deira til PFM på dette albumet. Av songar finn ein «Celebration» (ei nyinnspeling av «È Festa») som vart mykje spelt på album-oriented rock-stasjonar i USA og Canada.

Patrick Djivas.

Etter Photos of Ghosts kom ut, slutta bassisten Giorgio Piazza i gruppa, og vart erstatta av Patrick Djivas, som har vore med i gruppa sidan. Det neste PFM-albumet som kom ut i Italia var L'isola di niente i 1974. Høgdepunkt frå dette albumet er mellom anna «Dolcissima Maria» og den instrumentale «Via Lumiere». Igjen vart det spelt inn ein engelskspråkleg versjon av albumet for Manticore som The World Became the World. Det engelske albumet inneheldt ein annan nyinnspeling av «Impressioni di settembre» som tittelsporet. Dette var siste gongen dei samarbeidde med Peter Sinfield, sidan gruppa ikkje var heilt nøgd med innhaldet i dei engelske tekstane hans.

På turneen deira i USA i 1974 spelte PFM konsertar med Little Feat, The Beach Boys, The Allman Brothers Band, Aerosmith, ZZ Top og Peter Frampton. Dei vart utsette for tjuveri rett før ein konsert med Santana den 25. juli ved Paramount Theatre i Seattle. Mellom anna vart det stole to gitar og to bassgitarar.

Konsertopptak vart gjort i Cleveland og Toronto og gjevne ut i USA som det siste albumet til PFM for Manticore, kalla Cook. Albumet låg åtte veker på Billboard 200-lista og nådde 154. plass i januar 1975. Dei same innspelingane vart gjeve ut i Europa med forskjellig plateomslag og kalla Live in USA. PFM nådde eit stort publikum i USA då dei spelte på Midnight SpecialNBC i februar 1975. Her framførte dei «Celebration» og den instrumentale «Alta Loma Nine Till Five».

1975-1978[endre | endre wikiteksten]

Det største ankepunktet til PFM hadde alltid vore at dei mangla ein sterk solovokalist, og dei tok derfor inn Bernardo Lanzetti, som tidlegare hadde sunge for Acqua Fragile. Som student hadde Lanzetti budd i Austin i Texas nokre år. Men det viktigaste var at han hadde ei kraftig og særeigen røyst og kunne snakke flytande engelsk.

Den første utgjevinga til det seks mann-store bandet var Chocolate Kings i 1975. Musikken var hardare og hadde moderat suksess i heimlandet, men var det minst populære albumet dei hadde gjeve ut så langt. Det same albumet vart gjeve ut med eit annleis plateomslag på Manticore i Storbritannia og på Asylum Records i USA. Det kontroversielle britiske/amerikanske omslaget synte biletet av ei delvis opna sjokoladeplate pakka inn i eit papir som synte det flagget til USA. PFM spelte tittelsporet på albumet på BBC-programmet The Old Grey Whistle Test i 1976. Albumet nådde Topp 20 i Storbritannia, men var mindre populært andre stader. Mauro Pagani slutta i bandet etter Chocolate Kings for å starte ein solokarriere.

Lanzetti var òg med på Jet Lag (1977), eit album som var sterkt påverka av jazzfusion-miljøet i Los Angeles, der albumet var spelt inn. Dette var det siste albumet deira med engelsk tekst og det siste forsøket deira på å nå eit internasjonalt publikum. Det var òg det siste albumet deira som vart gjeve ut i USA, òg dette på Asylum. Fiolinisten Gregory Bloch, som tidlegare spelte i gruppa It's a Beautiful Day, erstatta Mauro Pagani og spelte inn eitt album.

For Passpartù (1978) tok PFM inn to nye perkusjonistar og endra musikalsk retning igjen. Albumet inneheld sju songar på italiensk og ein instrumental, prega av ein internasjonal popstil, eit tidleg døme på det som i dag vert kalla «Worldbeat». Albumet inneheld for det meste akustisk gitar (i staden for elektrisk) og baserer seg på italiensk folkemusikk og latinsk musikk, i tillegg til ein jazzpopstil som kunne minna om Steely Dan. Dette var det siste albumet deira med Lanzetti, som slutta for å starte ein solokarriere.

Premiata Forneria Marconi på scenen i Modena.

1979-1987[endre | endre wikiteksten]

I 1979 spelte PFM igjen som akkompagnement for Fabrizio De André. Gruppa medverka med nye arrangement for songane til De André og bandet turnerte i Italia i fulle konserthallar. De André og PFM gav ut to populære album i denne perioden, kalla In Concerto - Arrangiamenti PFM (1979) og In Concerto - Arrangiamenti PFM, Volume 2 (1980).

I 1980-åra hadde PFM framleis suksess i heimlandet og konsentrerte seg om kommersiell rockemusikk for det breie italienske publikummet. I 1980 slutta Flavio Premoli i gruppa og starta det som vart ein suksessrik karriere som låtskrivar og artistar for italienske filmar og fjernsyn. Multi-instrumentalisten Lucio Fabbri kom med i gruppa på fiolin, klaverinstrument og rytmegitar. Album som vart spelte inn i denne perioden var Suonare Suonare (1980), Performance (1980), Come ti va in riva alla città (1981) og PFM? PFM! (1984). Tittelsporet på albumet deira frå 1987, Miss Baker, vart skriven til ære for den amerikanske dansaren Josephine Baker. Sjølv om PFM gav seg i 1987 vart dei aldri offisielt oppløyst.

Nyare år (1997 til i dag)[endre | endre wikiteksten]

På nyare innspelingar har gruppa blanda populær italiensk musikk med progressiv rock. I 1997 kom Flavio Premoli attende til gruppa i lag med tre andre kjernemedlemmar (DiCioccio, Djivas, Mussida) og gav ut albumet Ulisse. Det var ikkje like progressivt som albuma deira frå 1970-åra, men vart godt likt av tilhengjarane. Suksessen med Ulisse var med på føre PFM attende til eit internasjonalt progrockpublikum. Ulisse er ein songsyklus basert på Odysseen av Homer, med tekst av den italienske tekstforfattaren Vincenzo Incenzo. Eit dobbelt konsertalbum, www.pfmpfm.it, vart spelt inn med to innleigde musikarar på den utselte italienske turneen deira året etter.

Serendipity kom ut i 2001 og konsertalbumet Live In Japan 2002 året etter som eit dobbeltalbum og ein DVD. Konsertalbumet inneheld òg to nye studioopptak av eit samarbeid med Peter Hammill frå Van der Graaf Generator. Hammill skreiv tekstane og song på det som var den første innspelinga til gruppa med englesk tekst sidan 1977, kalla Sea of Memory.

Piazza del Campo (2005) vart gjeve ut på både CD og som CD+DVD. DVDen var eit konsertopptak med Mauro Pagani i bandet, filma utandørs på hovudplassen i Siena. Den italienske rockestjerna Piero Pelù er òg med på denne konserten.

På grunn av dårleg helse slutta klaverspelaren Flavio Premoli for andre gong i 2005. PFM reiste attende til USA for første gong sidan 1977 for å spele på Progressive Arts Showcase ved Bethlehem i Pennsylvania den 8. juli 2005.

Stati di Immaginazione kom ut i 2006 og var heilt instrumentalt. I 2010 gav PFM ut A.D. 2010 La Buona Novella, ei omarbeiding av Fabrizio de Andre-albumet La Buona Novella.

Gruppa har halde fram å spele i Italia dei siste åra og er framleis populære i heimlandet.

Medlemmar[endre | endre wikiteksten]

Noverande[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare[endre | endre wikiteksten]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

Engelske versjonar[endre | endre wikiteksten]

Konsertalbum[endre | endre wikiteksten]

  • PFM canta De André (2008)
  • Live in Roma guest Ian Anderson (2012)
  • Un Minuto (2014)
  • Un Amico (2014)
  • Un'Isola (2014)
  • A Ghost (2015)
  • The World (2015)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]