Hopp til innhald

Statsminister

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Premierminister)

Ein statsminister, òg kalla premierminister, konseilpresident eller ministerpresident, er ein skandinavisk tittelregjeringsjefen i ein stat.[1][2]

Ulike typar

[endre | endre wikiteksten]

Statsminister i Noreg

[endre | endre wikiteksten]

Statsministeren er den fremste blant regjeringsmedlemmane, såkalla primus inter pares.[3] I Noreg leiar ikkje statsministeren eit departement, i staden for er han leiar for Statsministerens kontor (SMK). I samband med SMK har statsministeren i oppgåve å leia arbeidet til Regjeringa, samordna statsrådane på tvers av fagfelta – hermed departementa, førebu, gjennomføra og fylgja opp regjeringskonferansane, i tillegg til å halda kontakt med andre statsleiarar.[3][4] I Noreg lyt Regjeringa ha ein statsminister i tillegg til minst sju andre regjeringsmedlemmar, jf. Grunnloven §12.[5]

Statsminister i Tyskland

[endre | endre wikiteksten]

I andre land har ordet statsminister ei anna tyding. I Tyskland er statsminister (Staatsminister) den offisielle tittelen på alle medlemmane av regjeringane i delstatane Bayern, Hessen, Rheinland-Pfalz og Sachsen. Det er òg tittelen for enkelte parlamentariske statssekretærar, til dømes statsminister hjå kanslaren.[treng kjelde]

  1. Pedersen, Karl Peder; Bogason, Peter. (8. juni 2021) statsminister i Den Store Danske i lex.dk. Henta 17. februar 2023
  2. Berg, Ole T.; Sterri, Aksel Braanen. (3. januar 2022) statsminister i Store norske leksikon i snl.no. Henta 17. februar 2023
  3. 3,0 3,1 Grindheim, J.E. «Regjeringen». Norsk Poltikk. Universitetsforlaget. s. 108–112. 
  4. «Ansvarsområder for Statsministerens kontor». Regjeringen.no. 3. desember 2013. Henta 17. februar 2023. 
  5. Kongeriket Norges Grunnlov §12 i lovdata.no. Ved res. 9. mai 2014. Henta 17. februar 2023.