Premuda
Premuda | |
---|---|
Hamna på Premuda | |
Geografi | |
Stad | Adriahavet |
Koordinatar |
|
Areal | 8,66 km²
|
Høgaste punkt | Vrh (88 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Kroatia |
Fylke Kommune |
Zadar Zadar
|
Demografi | |
Folketal | 65 (2021[1])
|
Premuda er ei lita øy i Adriahavet i Kroatia. Ho høyrer til dei nordlege dalmatiske øyane, og ligg nordvest for byen Zadar. Premuda er om lag 10 km lang, og har eit areal på 9,2 km². Ho ligg sørvest for øyane Silba og nordvest for Škarda. Administrativt høyrer Premuda til kommunen Zadar i Zadar fylke.[2][3]
Landsbyen Premuda har vel 50 innbyggjarar, men dette talet aukar mykje på sommaren. I landsbyen dyrkar ein oliven og avlar sauer, og dei siste åra har turismen på øya auka. Det ligg tre restaurantar på øya.
Premuda er ein populær stad for dykkarar, og har nokre svært populære dykkestader. «Katedrala» er eit system av grotter med vakkert lys som skin gjennom det porøse taket i grottene. Ein annan populær dykkestad er vraket av det austerriksk-ungarske slagskipet Szent István, som ligg på eit djup omkring 40-60 meter og derfor berre tilgjengeleg for erfarne dykkarar.
Folketal
[endre | endre wikiteksten]Folketalet på øya ved dei siste folketeljingane var:
Folketal 2001[4] | Folketal 2011[5] | Folketal 2021[1] | |
---|---|---|---|
Premuda | 58 | 64 | 65 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «Population by age and sex, by settlements, 2021 Census». Narodne novine (Offisielt lysingsblad) (på kroatisk og engelsk). 2022. Henta 13. januar 2025.
- ↑ «The Constitution of the Republic of Croatia» (PDF) (på engelsk). Constitutional Court of the Republic of Croatia. 15. januar 2014. Henta 7. januar 2025. Offisiell omsetjing
- ↑ «Zakon o područjima županija, gradova i općina u Republici Hrvatskoj (Lov om territoria til fylke, byar og kommunar i Republikken Kroatia)». Narodne novine (Offisielt lysingsblad) (på kroatisk). 19. juli 2006. Henta 7. januar 2025.
- ↑ «Census 2001; Population by age and sex, by settlements». Croatian Bureau of Statistics (på kroatisk og engelsk). Henta 13. januar 2025.
- ↑ «Census of Population, Households and Dwellings 2011; Population by age and sex, by settlements» (på engelsk). Croatian Bureau of Statistics. Henta 13. januar 2025.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Bilete frå Premuda Arkivert 2006-11-02 ved Wayback Machine.
- Dykkeinformasjon Arkivert 2007-06-11 ved Wayback Machine.