Pren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Skriving av punktskrift med pren og skriveplate

Pren er ei felles nemning for ei gruppe små reiskapar som vert nytta til å stikke med.

  • Spisse prenar laga av bein, tre, metall, bein eller stein (flint og anna høveleg stein i steinalderen) har vore nytta til å stikke hol i skinn, lêr og anna materiale, til dømes tåg, for å kunne saume dei saman.
  • Spisse prenar av bein har òg vorte nytta av freskomålarar for å overføre konturane av motivet frå ei teikning til den ferske, våte pussen av kalkmørtel på veggen eller i taket innvendig i ein bygning. Ved å stikke prenen gjennom teikninga på fleire stader og inn i den ferske pussen, vert det laga holmerke i pussen som konturlinene i motivet kunne dragast opp etter.
  • Butte prenar vert nytta til å skrive punktskrift (braille, òg kalla blindeskrift) på papir. Prenen må då nyttast saman med ei skrivetavle av metall med firkanta hol utstyrt med hakk som svarar til dei seks punkta som kvart skriveteikn («bokstav») i punktskriftsystemet er bygd opp etter. Denne metallplata er hengsla til ei undre metallplate med runde fordjupingar som korresponderer med hola i den øvre plata. Papiret vert lagt mellom platene og klemd fast, og får opphøgde punkt ved å verte pressa med ein pren ned i fordjupingane frå oversida, punkt for punkt, i samsvar med det mønsteret og talet på punkt som utgjer kvart teikn. På dette viset vert teikna forma og set saman til ord og setningar. Oversida på arket under skrivinga vert altså baksida på det ferdigskrivne arket. Det kan skrivast fire til seks liner med punktskrift om gongen før plata må opnast og flyttast nedetter arket for å skrive fleire liner. Røynde brukarar kan skrive rimeleg snøgt med denne skrivereiskapen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]