DumDum Boys

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Prepple Houmb)
DumDum Boys

DumDum Boys på konsert i Hamar.
OpphavTrondheim i Noreg
Aktiv1985–
SjangerRock
PlateselskapCBS Records (1985–1992)
Oh Yeah! (1992–)
MedlemmerPrepple Houmb
Kjartan Kristiansen
Aslak Dørum
Sola Jonsen
Tidlegare medlemmerPersi Iveland
Atle Karlsen
PrisarSør-Trøndelag fylkes kulturpris, Årets spellemann, Spellemannprisen i rock, Spellemannprisen i rock, Spellemannprisen i rock, Juryens hederspris i Spellemannprisen, Rockprisen

DumDum Boys (tidlegare kjent som Wannskrækk) er ei rockegruppe frå Trondheim, kjent som ei av dei fire store i norsk rock. Gruppa er den første som har vunne Spellemannsprisen for same kategori, «rock», tre år på rad. Noko av det viktigaste DumDum Boys har gjort er å visa at rock'n'roll fungerer bra med norske tekstar.

Historia[endre | endre wikiteksten]

1979– 90[endre | endre wikiteksten]

Per Øivind «Prepple» Houmb.

Musikkgruppa, på den tida kjent som Wannskrækk, debuterte på Angelltrøa fritidsklubb i Trondheim i 1979 og vart fort populære i nærmiljøet. Diverre hadde ingen plateselskap interesse for musikken, og musikkgruppa måtte tenkja nytt.

I 1985 vedtok dei å skifta namn, og valet fall på DumDum Boys etter ein låt av Iggy Pop og David Bowie. Per Øivind valde å byta ut trøndermålet sitt med «standard» austnorsk. Plateselskapa var stadig uinteresserte, og til slutt avgjorde gruppa at dei skulle gje ut debut-singelen «Sorgenfri» på eiga hand.

Etter at EP-en Bapshuari vart gjeve ut sjølvstendig, vakna interessa hos plateselskapa. DumDum Boys fekk tilbod frå fleire av dei og vedtok til slutt for å signera hos føretaket CBS, som i dag heiter Sony Music Entertainment.

I 1988 spelte gruppa inn den første LP-en sin, Blodig Alvor Na Na Na Na Na, i Nidaros Studio saman med produsenten Roger Valstad. Plata vart godt motteki av kritikarane og selte meir enn forventa. Songane «En vill en», «Lunch i det grønne», «Idyll» og tittelkuttet vert i dag rekna som klassikarar. Plata vart heidra under Spellemannprisen 1988 og vann pris i klassa rock. Gruppa flytta til Oslo etter det.

Året etter, i 1989, kom det store gjennombrotet. DumDum Boys spelte inn den andre LP-en sin, Splitter pine, og fór på turné. Albumet vart ein suksess, og sjølve låten «Splitter pine» vart ein slager dette året. Turneen femna både Kalvøyafestivalen, Roskildefestivalen og ein konsert i Moskva. På ganske nøyaktig ti år hadde gruppa klart å verta det mange reknar som den beste rockegruppa i Noreg. Under Spellemannprisen 1989 vann dei prisen i klassa rock for beste album.

I 1990 vart klaviaturspelar Atle Karlsen offisiell medlem av gruppa. Saman med Kjartan Kristiansen laga han filmmusikken til den norske spelefilmen Døden på Oslo S. Hitlåten frå filmen, «Englefjes», var med «Metallic hvit» høgdepunkta på den tredje plata til gruppa; Pstereo, som var den siste av tre laga i samband med Roger Valstad. Pstereo vart godt motteki av kritikarane, og DumDum Boys sikra seg ein tredje Spellemannpris i klassa rock på like mange år, og for dei tre første albuma sine, noko som framleis er unikt i historia til Spellemannprisen.

Turneen etterpå var også ein stor suksess. Diverre var ein del av gløden i gruppa borte grunna intern uro og eit høgt stressnivå, som var eit resultat av hardkjøret dei siste tre åra. Forsøka på å etablera seg i Sverige og Danmark gjekk heller ikkje særleg bra, og DumDum Boys vedtok å ta seg ein pause på eitt år.

1992– 96[endre | endre wikiteksten]

Aslak Dørum.

I 1992 vart DumDum Boys løyst frå kontrakten med Sony og pusta liv i eit gamalt plateselskap, Oh Yeah!, samstundes som dei inngjekk ein distribusjonsavtale med EMI. Samleplata Riff 1980–85, som inneheld alle studiolanseringane frå perioden gruppa gjekk under namnet Wannskrækk, vart gjeve ut på førsten av året.

Den neste plata til gruppa, Transit, vart spelt inn i Ambience Studio i Oslo og i Bergen med Yngve Sætre som produsent. Transit viste den litt meir kompakte og røffe sida av DumDum Boys, og nok ein gong fekk dei gode kritikkar. Plata vart ein salssuksess, og gruppa erobra posisjonen som den kanskje beste rockegruppa i landet nok ein gong. DumDum Boys fekk ikkje Spellemannprisen i klassa «rock» denne gongen, men vann vandretrofeet «Årets spellemann» under Spellemannprisen 1992.

Trass pausen som gruppa hadde i eitt år, og Transit-suksessen, hjelpte ikkje dette på den interne uroa i gruppa, og bassisten Persi Iveland takka for seg. Den første ikkje-trønderen i DumDum Boys vart den nye bassisten, Aslak Dørum, som før hadde jobba med fleire av musikkvideoane til gruppa. I mai 1993 hadde DumDum Boys den første konserten med Aslak på bass, som fann stad utandørs på plattdans i Vanvikan utanfor Trondheim.

Det neste året vart ein tragedie for Per Øivind, då dottera hans døydde. Hendinga affiserte også dei andre medlemmene i gruppa, der Kjartan og Atle skreiv låten «Tyven tyven», som i seinare tid er kjend som den mest kjensleladde songen til DumDum Boys. Sola har sagt i et intervju på NRK at han græt kvar gong songen vert spelt av. I august 1994 kom albumet Ludium ut. Plata var eit resultat eit nytt samarbeid med Yngve Sætre og vart ein spontan salssuksess. Fleire av dei mest populære låtane frå DumDum Boys er på dette albumet: «Mitt hjertes trell», «Hagelangs», «Tyven tyven» og tittellåten på nesten åtte minutt. Diverre svika publikum den første delen av den påfølgjande turneen, og det var ikkje før filmdokumentaren Stein og stjerner hadde première på norske kinoar utpå hausten at gruppa spelte for fulle lokale att. Desse konsertane vart utgangspunktet for konsertalbumet 1001 Watt.

Det neste året kan karakteriserast som nok et kvileår for gruppa, sjølv om Kjartan skreiv låtar og bandet møttest med jamne mellomrom for å førebu seg på ein ny runde i studio. I 1996 fór bandet til Melbourne i Australia for å spela inn ei ny plate. Yngve Sætre var som vanleg produsent, men i tillegg hadde han med seg Espen Berg som assistent; han sørgde for å få eit markant 90-talspreg på lydbiletet, og det nye albumet, Sus, gjekk rett inn på førsteplass på dei norske hitlistene. DumDum Boys reiste på ny rundt på turné i april og vart møtt av meir entusiastiske kritikkar enn nokon gong før. Turneen varte heile året, og i september markerte gruppa at det var ti år sidan den første singelen, «Sorgenfri», vart gjeve ut. I samband med markeringa vart dei første utgjevingane, Sorgenfri og Bapshuari, gjeve ut på ein felles CD, Bapshuariari.

1996 til no[endre | endre wikiteksten]

Kjartan Kristiansen.

I likskap med året 1996, vart 1997 også eit roleg år; Kjartan og Atle laga filmmusikken til kortfilmen Red Indian, og gruppa tok på seg sporadiske spelejobbar; me. a. på torget i Trondheim der dei spelte for over 20 000 tilskodarar i samband med 1000-årsjubileumet til byen. Utpå hausten gjekk bandet inn i studioet sitt, Stearinlyd, for å førebu det nye albumet. Totem vart påbyrja i desember i studioet Endless Sound i Oslo. Samstundes gav dei ut singelen «Stjernesludd», som ikkje vart med på albumet. Låten vart spelt hyppig på radiostasjonane i landet under julehøgtida. Same år fekk gruppa Gammleng-prisen i klassa pop.

I mars 1998 gav DumDum Boys ut det sjuande albumet sitt, Totem, og den første singelen var «Ikke faen». Etter Totem gjekk gruppa i dvale, og det sverma no rykte om at DumDum Boys hadde vorte oppløyst. Pausen varte i rundt fem år, fram til 2003.

8. januar 2001 kom samlealbumet Schlägers, som inneheld 20 av DumDum Boys sine yndlingslåtar, med den heilt nye låten «Monosapiens» attåt. Albumet vart også gjeve ut som dobbel-CD i eit avgrensa opplag på 5 000 eksemplar.

Sommaren 2003 var DumDum Boys endeleg tilbake på scena. I juni spelte dei på Norwegian Wood-festivalen, og Dagbladet sin journalist omtalte konserten som ikkje mindre enn historisk og gav han terningkast seks. 23. oktober same år heldte bandet nok ein konsert, denne gongen under UKA i «Dødens dal» i Trondheim. Konserten vart foreviga på film og kom i 2004 ut som ein DVD, DumDum Boys i Dødens Dal.

9. desember 2004 mottok DumDum Boys kulturprisen frå Sør-Trøndelag fylkeskommune av fylkesordføraren Tore O. Sandvik. Bandet vart framheva som «den fremste rockegruppa i landet og ei stor inspirasjonskjelde for mange andre musikarar». Prisen omfatta ein glasskulptur av Cathrine Maske, eit diplom og ein pengesum på 25 000 kroner.[1]

I 2005 medverka DumDum Boys med låten «Gjeld» på dobbeltalbumet Det beste til meg og mine venner, der norske musikarar hylla Joachim Nielsen. Gruppa kom ut i januar 2006 med singelen «Enhjørning» og hausta gode kritikkar i rikspressa; VG fann fram seksaren på terningen. Det første albumet til gruppa på åtte år, Gravitasjon, vart gjeve ut 13. mars 2006, og dei spelte ei rekkje konsertar rundt omkring i Noreg under våren og sommaren. Hausten 2006 deltok dei på albumet Dans til musikken, eit hyllestalbum til Lasse Myrvold, med «Dine øyne sier alt».

12. november 2007 kunngjorde DumDum Boys at Atle Karlsen hadde slutta i gruppa, og at dei kom til å halda fram som kvartett, også på konsertar i november og desember. Tidleg i 2008 vart klaviaturspelaren Mikael Lindqvist hyra inn på tangentar til turneen deira den sommaren.

DumDum Boys fekk heidersprisen under Spellemannprisen 2007 den 2. februar 2008.

18. september 2009 kom den første singelen frå gruppa på tre år, «Snø på Mars». Låten er frå albumet Tidsmaskin som vart gjeve ut 9. november same året, og er skrive av Kjartan Kristiansen.

Medlemmer[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare medlemmer[endre | endre wikiteksten]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

Konsert- og samlealbum[endre | endre wikiteksten]

Anna[endre | endre wikiteksten]

  • 1986 Bapshuari (EP)
  • 2004 DumDum Boys i Dødens Dal (DVD)

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • 1986 «Sorgenfri»
  • 1989 «Boom Boom»
  • 1989 «Splitter pine»
  • 1990 «Plaster på såret»
  • 1990 «Englefjes»
  • 1992 «Transit Stigmata Exit»
  • 1994 «Mitt hjertes trell»
  • 1996 «Sustema Magica»
  • 1996 «Bapshuariari»
  • 1997 «Stjernesludd»
  • 1998 «Ikke faen»
  • 2006 «Enhjørning»
  • 2009 «Snø på Mars»

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kulturpris til DumDum Boys». NRK. 9. desember 2004. Henta 28. mars 2009. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]