Presence

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Presence
Studioalbum av Led Zeppelin
Språk engelsk
Utgjeve 31. mars 1976[1]
Innspelt November–desember 1975[1]
Studio Musicland Studios i München i Vest-Tyskland[1]
Sjanger Hardrock, bluesrock
Lengd 44:25
Selskap Swan Song
Produsent Jimmy Page
Led Zeppelin-kronologi 
Physical Graffiti
(1975)
Presence The Song Remains the Same
(1976)


Singlar frå Presence
  1. «Candy Store Rock / Royal Orleans»
    Utgjeve: 18. juni 1976 (USA)
Meldingar
Samla karakter
KjeldeKarakter
Metacritic77/100[2]
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 stars[3]
The Daily Telegraph2/5 stars[4]
Entertainment WeeklyC+[5]
MusicHound Rock4/5[6]
Pitchfork7.6/10[7]
Q3/5 stars[8]
The Rolling Stone Album Guide3/5 stars[9]
The Village VoiceB[10]

Presence er det sjuande studioalbumet til det engelske rockebandet Led Zeppelin, gjeve ut på Swan Song Records den 31. mars 1976. Albumet vart skrive og spelt inn under ei vanskeleg tid i historia til bandet, då songar Robert Plant restituerte seg etter alvorlege skadar han hadde fått etter ei bilulukke. Albumet fekk blanda kritikk og er eit av albumet i katalogen til bandet som har selt minst.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Albumet kom til etter at Robert Plant hadde fått alvorlege skadar i ei bilulukke på den greske øya Rhodos den 5. august 1975, noko som tvinga bandet til å kansellere ein planlagt verdsturne som skulle starte 23. august 1975.[11] Led Zeppelin var aldri meir populær enn dei var på dette tidspunktet. Plant minnest:

Eg låg der i smerter og prøvde å få kakerlakkane bort frå senga, og fyren som låg ved sidan av meg, denne fulle soldaten, byrja å synge «The Ocean» frå Houses of the Holy.[12]

Plant drog til Kanaløya Jersey og seinare til Malibu i California for å verte frisk, og det var her han skreiv ein del av tekstane, og då gitarist Jimmy Page møtte han i Malibu, vart songane til albumet skrivne. Dei hadde nok songar til å byrje å øve i SIR Studio i Hollywood, der trommeslagar John Bonham og bassist John Paul Jones møtte dei.

Etter ein månad med øvingar vart albumet spelt inn på berre 18 dagar[13] i Musicland Studios i München i Tyskland med Plant i rullestol. Dette var den raskaste innspelinga til bandet sidan debutalbumet.[11] Den raske innspelinga kom av at Led Zeppelin hadde bestilt studioet like før The Rolling Stones skulle til å spele inn songar for albumet Black and Blue. Då dei kom var Rolling Stones forundra over at albumet faktisk hadde vorte spelt inn og miksa på berre 18 dagar. Jimmy Page hadde vore oppe i to dagar i strekk for å legge på alle gitarspora. Som han seinare forklarte:

Eg berre måtte gjere det slik, meir eller mindre: første spor...andre spor - du veit, arbeide verkeleg raskt slik som det. Alle gitarspora på Presence vart gjort på ei natt. Men eg trudde ikkje eg ville klare det på ei natt, eg tenkte eg måtte ha kanskje tre netter. Alt vart liksom klart og du merka at alt berre strøymde ut av deg. Eg var nøgd med gitaren på heile albumet.[14]

I eit intervju han gav Guitar World i 1998, sa Page at han arbeidde i snitt 18 til 20 timar per dag under miksinga i Musicland Studios:

Etter bandet hadde spelt inn alt, starta meg og lydteknikar Keith Harwood miksinga heilt til me sovna. Så ville den av oss som vakna først vekke den andre og me gjekk attende og heldt fram til me sovna igjen.[15]

Innspelinga av Presence var òg særleg utfordrande for Plant. Studioet var i kjellaren på eit gammalt hotell, og songaren kjende seg klaustrofobisk.[16] Han hadde òg fysiske vanskar som følgje av bilulukka og sakna familien. Han forklarte seinare:

Eg sat heile tida i rullestol, så fysisk var eg særs frustrert. Eg syns vokalen min er ganske dårleg. Eg høyrest trøytt og anstrengt ut. «Candy Store Rock» og «Achilles Last Stand» redda albumet. Rytmeseksjonen på dei er så gudsbenåda ... eg var rasande på Page og [manager] Peter Grant. Eg var berre rasande fordi eg ikkje kunne dra heim til kvinne og barna eg var glad i. Eg tenkte, er rock'n'roll verkeleg verdt det?[16]

Albumet var ferdig 26. november 1975. Det var dagen før Thanksgiving, og i ein telefonsamtale med Swan Song Records, foreslo Page å kalla albumet Thanksgiving.[11] Ideen vart derimot avslått til fordel for den noverande tittelen.[11]

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Seks av sju songar på albumet er skrivne av Page og Plant, medan den siste er skriven av heile bandet. Dette kom av at Page oppheldt seg i lag med Page, medan Page vart frisk att etter skadane.[11]

Songen på albumet markerte ei endring i stilen til Led Zeppelin mot meir beintfram, gitarbaserte jammar. Der dei førre albuma inneheld elektriske hardrocks-hymnar og akustiske balladar og intrikate arrangement, vart Presence rekna som enklare og det er det einaste Led Zeppelin-albumet utan verken akustiske songar eller klaverinstrument (nesten gravlagd i miksen kan ein høyre ein enkelt akustisk gitar på «Candy Store Rock»).

Page sa om den stilmessige endringa:

Eg trur det berre synte den totale uroa og kjenslene i denne perioden. Det er mykje spontanitet på det albumet. Me gjekk inn utan noko som helst, og alt kom berre strøymande ut.[11]

Berre to av songane på albumet vart spelte på konsertane til Led Zeppelin, «Achilles Last Stand» og «Nobody's Fault but Mine», som vart spelte frå 1977 til bandet gav seg i 1980. Noko av gitarsoloen frå «Tea for One» vart òg spela i «Since I've Been Loving You» på desse konsertane.

Plateomslaget[endre | endre wikiteksten]

Plateomslaget vart laga av Hipgnosis og inneheld forskjellige bilete med folk og ein svart obelisk-forma lekam. Denne var meint å representere «krafta og nærværet» til Led Zeppelin.[11]

I 1977 vart Hipgnosis og George Hardie nominerte til ein Grammy Award i kategorien beste plateomslag.

Utgjeving og mottaking[endre | endre wikiteksten]

Albumet kom ut den 31. mars 1976. I Storbritannia hadde aldri førehandssalet vore så stort før, og det oppnådde gullplate då det kom ut. I USA gjekk det rett inn på førsteplassen, men hoppa ned til 24. plass etter to veker.[11]

Av Led Zeppelin-albuma har Presence seld lite og det fekk lunken kritikk då det kom ut.[17]

I følgje Dave Lewis, så «klarte ikkje den harde stilen på dei sju songane å nå ut til tilhengjarane som var meir vande til mangfalde og den meir eksperimentelle stilen frå tidlegare.»[18]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Achilles Last Stand»Page, Plant10:25
2.«For Your Life»Page, Plant6:24
3.«Royal Orleans»Bonham, Jones, Page, Plant2:58
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Nobody's Fault but Mine»Page, Plant6:27
2.«Candy Store Rock»Page, Plant4:11
3.«Hots On for Nowhere»Page, Plant4:43
4.«Tea for One»Page, Plant9:27

Albumlister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1976) Topplassering
Den japanske albumlista[19] 2
Den norske albumlista[20] 4
Den britiske albumlista[21] 1
US Cash Box Top 100 1
US Record World Top Pop Albums 1
Den svenske albumlista[22] 8
US Billboard The 200 Albums 1
Kanadiske RPM Top 100 [23] 16
New Zealand Top 50 [24] 8
Den tyske albumlista 27
Den spanske albumlista[25] 7
Den franske albumlista[26] 5
Australske Kent Music Report 4

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Storbritannia (BPI)[27] Platina 300 000^
USA (RIAA)[28] 3× Platina 3 000 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Led Zeppelin

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Presence. Atlantic Records. 2014. s. 3. R2-547435. 
  2. «Presence [Remastered] – Led Zeppelin». Metacritic. Henta 21. august 2018. 
  3. AllMusic Review
  4. McCormick, Neil (23. april 2014). «Led Zeppelin's albums ranked from worst to best». The Daily Telegraph. Henta 22. august 2018. 
  5. Tom Sinclair (20. juni 2003). «Entertainment Weekly Review». EW.com. Henta 22. august 2018. 
  6. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 662. ISBN 978-1-57859-061-2. 
  7. Richardson, Mark (28. juli 2015). «Led Zeppelin Presence». Pitchfork Media. Henta 22. august 2018. 
  8. «Led Zeppelin Presence». Q: 143. November 1994. 
  9. «Led Zeppelin: Album Guide». rollingstone.com. Arkivert frå originalen 1. mars 2014. Henta 22. august 2018. 
  10. Christgau, Robert (12. juli 1976). «Christgau's Consumer Guide». The Village Voice. Henta 28. juli 2018. 
  11. 11,0 11,1 11,2 11,3 11,4 11,5 11,6 11,7 Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9
  12. Light & Shade Cameron Crowe, Led Zeppelin Boxed Set liner notes
  13. Liner notes by Cameron Crowe for The Song Remains the Same 2007.
  14. A to Zeppelin: The Story of Led Zeppelin, Passport Video, 2004.
  15. Brad Tolinski and Greg Di Bendetto, "Light and Shade", Guitar World, januar 1998.
  16. 16,0 16,1 Chris Welch (1994) Led Zeppelin, London: Orion Books. ISBN 0-85797-930-3, s. 79-81.
  17. Erlewine, Stephen Thomas. «Led Zeppelin Biography». Allmusic. Henta 11 November 2008. 
  18. Dave Lewis (2003), Led Zeppelin: Celebration II: The 'Tight But Loose' Files, London: Omnibus Press. ISBN 1-84449-056-4, s. 45.
  19. «Top 100 Albums - 17 April 1976». Oricon. Henta 26. mars 2011. 
  20. «Top 20 Albums - 18 April 1976». norwegiancharts.com. Henta 26. mars 2011. 
  21. «Top 100 Albums - 24 April 1976». chartstats.com. Arkivert frå originalen 6. oktober 2012. Henta 26. mars 2011. 
  22. «Top 60 Albums - 26 April 1976». swedishcharts.com. Henta 26. mars 2011. 
  23. «RPM albumlista - 5 June 1976». RPM. Henta 26. mars 2011. 
  24. Scapolo, Dean (2007). «Top 50 Albums - June 1976». The Complete New Zealand Music Charts (1st utg.). Wellington: Transpress. ISBN 1-877443-00-8 Check |isbn= value: checksum (hjelp). 
  25. «Top 100 Albums - 17 July 1976». PROMUSICAE. Henta 26. mars 2011. 
  26. «Top 100 Albums - 1976». infodisc.fr. Henta 26. mars 2011. 
  27. «British album salstrofé – Led Zeppelin – Presence». British Phonographic Industry.  Enter Presence in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  28. «American album salstrofé – Led Zeppelin – Presence». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH