Presenting Isaac Hayes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Presenting Isaac Hayes
Studioalbum av Isaac Hayes
Språk engelsk
Utgjeve Februar 1968
Innspelt Stax Studios, Memphis i Tennessee, 15.-17. januar 1968
Sjanger Soul, jazz
Lengd 33:25
Selskap Enterprise, Atlantic
Produsent Alvertis Isbell, Al Jackson jr., Donald «Duck» Dunn
Isaac Hayes-kronologi 
Presenting Isaac Hayes Hot Buttered Soul
(1969)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 stars[1]

Presenting Isaac Hayes er debutalbumet til den amerikanske soulmusikaren Isaac Hayes. Albumet vart gjeve ut i 1968, på Enterprise og Atlantic Records. Plaga var den første utgjevinga på Stax Records-etiketten Enterprise. Hayes hadde arbeidd i fleire år som ein av dei viktigaste låtskrivarane, produsentane og studiomusikarane til Stax.

Plata vart spelt inn etter ønske frå visedirektøren i Stax, Alvertis Isbell (Al Bell),[2] og Hayes fekk med seg Booker T. & the MGs-medlemmane Al Jackson jr. og Donald «Duck» Dunn som ein jazz-trio. Dei hadde ingen songar på førehand for innspelinga, så dei tre musikarane improviserte det meste av innhaldet på albumet..[2]

«Precious, Precious» vart spelt inn som eit atten minuttar langt jazzstykke. Dette vart fortkorta ned til under tre minutt og gjeve ut som singel. Både singelen og plata selde dårleg, og Hayes fortsette først platekarrieren sin etter at Stax mista heile katalogen sin til Atlantic Records medan dei prøvde å bryte seg laus frå Atlantic. Mangelen på material å gje ut gjorde at alle Stax-artistane, inkludert Hayes, måtte spele inn album. Dette førte til den suksessrike og banebrytande Hot Buttered Soul.[2]

Etter at Hayes fekk suksess med Hot Buttered Soul, Black Moses og Shaft, gav Atlantic ut Presenting Isaac Hayes med tittelen In the Beginning.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Precious, Precious» (Isaac Hayes)2:45
2.«When I Fall in Love» (Edward Heyman, Victor Young)3:28
3.«Medley: «I Just Want to Make Love to You» / «Rock Me Baby» (Willie Dixon, Riley B. King, Joe Josea)9:04
Side to
Nr.TittelLengd
4.«Medley: «I'm Going to Chicago Blues» / «Misty» (Count Basie, Jimmy Rushing, Erroll Garner, Johnny Burke)6:45
5.«You Don't Know Like I Know» (Hayes, David Porter)8:30
Bonussor på CD-utgåva frå 1995
Nr.TittelLengd
6.«Precious, Precious» (lang versjon)19:07

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lindsay Planer. «Presenting Isaac Hayes - Isaac Hayes | Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 15. august 2016. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Isaac Hayes | Ultimate Isaac Hayes (Can You Dig It?)». Contactmusic.com. Henta 15. august 2016.