Preseptorisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Preseptorisk betyr det same som ufråvikeleg. At ein regel i ei lov er preseptorisk medfører at den ikkje kan fråvikast i avtale mellom to eller fleire partar. Omgrepet blir først og fremst brukt i kontraktsrettslege lover, der det ofte vil vere nokre reglar som er preseptoriske, medan andre er deklaratoriske, (fråvikelege). Dei aller fleste slike lover har ein paragraf i innleiinga til lova som regulerer i kva grad lova er ufråvikeleg. Gjerne slik at lova i utgangspunktet preseptorisk, og at det blir særleg oppgitt dersom ein regel skal vere fråvikeleg. Det motsette utgangspunktet er også mogleg. Der lova ikkje har slike tydelege reglar, må ein sjå på kvar enkelt regel i lova, tolke regelen, for å finne ut om regelen er fråvikeleg.

Lover som regulerer avtalar med forbrukar vil ofte vere preseptoriske til fordel for forbrukaren, for å beskytte forbrukaren mot utnytting frå den profesjonelle parten. Derimot er reglane normalt fråvikelege på den måten at forbrukaren kan få ein betre avtale enn det som følgjer av lova. Eit eksempel på ei lov med ei slik regulering er Forbrukerkjøpslova frå 2002.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]