Presidenten i India

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå President i India)
Presidentpalasset Rashtrapati Bhavan, bygd under den britiske kolonitida.

Presidenten i India (engelsk President of India, hindi राष्ट्रपति, rashtrapati, 'riksherre') er statsoverhovud i Republikken India og øvstkommanderande for det indiske forsvaret. Medan artikkel 53 i Grunnloven seier at presidenten kan utøva myndigheit direkte,[1] blir all myndigheit som tilhøyrer presidenten med visse unntak utøvd av den sitjande regjeringa med statsministeren i spissen.

Den noverande presidenten er Ram Nath Kovind, som blei svoren inn 25. juli 2017.

Valmåte[endre | endre wikiteksten]

Presidenten blir vald av medlemmene i det indiske parlamentet (Lok Sabha og Rajya Sabha) og av dei lovgjevande delstatsforsamlingane (Vidhan Sabha). Valperioden er fem år, og ein sitjande president har lov til å stilla til gjenval. Det blir brukt ein formel for å fordela stemmer slik at det blir balanse mellom folketalet i kvar delstat og talet på stemmer som representantar i delstatsforsamlingane kan gje, og ein likeverdig balanse mellom medlemmer av delstatsforsamlingane og parlamentsmedlemmer. Dersom ingen kandidat får stemmefleirtal blir tapande kandidatar eliminerte frå valet og stemmer for dei blir overført til andre kandidatar, fram til éin kandidat får fleirtal. Visepresidenten blir vald gjennom direkte avstemming der alle representantar i Lok Sabha og Rajya Sabha tek del.

Embetsbustad[endre | endre wikiteksten]

Presidenten av India held til i Rashtrapati Bhavan («President-bygningen») i New Delhi. Presidenten har også offisielle embetsbustader i The Retreat Building i Chharabra ved Shimla og Rashtrapati Nilayam i Hyderabad.

Indiske presidentar sidan 1950[endre | endre wikiteksten]

Nr. Bilde Namn Tilltredde Avgjekk
1. Rajendra Prasad 26. januar 1950 13. mai 1962
2. S. Radhakrishnan 13. mai 1962 13. mai 1967
3. Zakir Hussain 13. mai 1967 3. mai 1969
4. Varahagiri Venkata Giri 24. august 1969 24. august 1974
5. Fakhruddin Ali Ahmed 24. august 1974 11. februar 1977
6. Neelam Sanjiva Reddy 25. juli 1977 25. juli 1982
7. Giani Zail Singh 25. juli 1982 25. juli 1987
8. R. Venkataraman 25. juli 1987 25. juli 1992
9. S.D. Sharma 25. juli 1992 25. juli 1997
10. K.R. Narayanan 25. juli 1997 25. juli 2002
11. A.P.J.Abdul Kalam 25. juli 2002 25. juli 2007
12. Pratibha Patil 25. juli 2007 25. juli 2012
13. Pranab Mukherjee 25. juli 2012 25. juli 2017
14. Ram Nath Kovind 25. juli 2017 Sitjande

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Justisdepartementet i India: Constitution of India, 94. Amendment Act, s. 26.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]