President i Pakistan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Flagget til presidenten av Pakistan

Presidenten av Pakistan er statsoverhovud for den islamske republikken Pakistan. Ifølgje den pakistanske grunnlova har presidenten makt til å oppløysa nasjonalforsamliga og lysa ut nyval.[a][1] Denne makta er fleire gonger blitt omformulert i ulike grunnlovstillegg etter fleire militærkupp og utbyttingar av regjeringar.

Det 18. grunnlovstillegget frå 2010 endra styreforma i Pakistan tilbake frå eit halv-presidentielt system til ein parlamentarisk demokratisk republikk. Under dette systemet har presidenten avgrensa makt til å styra, og utfører mest seremonielle oppgåver medan statsministeren har det meste av den politiske makta.[2]

Presidenten blir vald av eit valkollegium frå senatet, nasjonalforsamlinga og provinsforsamlingane.[3] Han kan sitja i stillinga i in periode på fem år. Dersom presidentperioden blir avkorta eller presidenten er borte, tek formannen for senatet mellombels over embetet.[3]

Presidentembetet blei innstifta i 1956.[4] Det blei danna då Pakistan blei utropt til republikk gjennom ei ny grunnlov. Iskander Mirza blei den første presidenten i landet.[5][6] Landet har til saman hatt tretten presidentar (2019), med to mellombels presidentar i kortare periodar i tillegg. Ein av desse, Wasim Sajjad, var mellombels president i to periodar, ein i 1993 og ein i 1997–98.[7]

Sekst presidentar har vore medlm av eit politisk parti, fire av dei i Pakistan Peoples Party (PPP). Den første presidenten var ein pensjonert offiser, fire andre var offiserar i teneste og tre av desse tok makta gjennom militærkupp – Ayub Khan i 1958, Muhammad Zia-ul-Haq i 1977 og Pervez Musharraf i 1999.[4][8] President Zia døydde i embetet då flyet hans forulykka medan han vende tilbake frå Bahawalpur til Islamabad denn 17. august 1988.[9][10] Khan, med sine to presidentperiodar, har vore lengst i embetet med rundt ti år og fem månadar.[n 1][11]

Den noverande presidenten i Pakistan er Arif Alvi frå Pakistan Tehreek e Insaf.[12]

Fargar[endre | endre wikiteksten]

Partinamn
Republican Party
Muslim League (C)
Den pakistanske hæren
Sjølvstendig
Muslim League (Q)
Peoples Party
Muslim League (N)
Pakistan Tehreek-e-Insaf

Presidentar[endre | endre wikiteksten]

Liste over presidentar av Pakistan
No. Bilde Namn
(fødd–død)
Byrja i embetet[4] Forlét embetet[4] Val Parti Merknad[4]
1 A black og white portrait of Iskander Mirza Iskander Mirza[6][13]
(1899–1969)
23. mars 1956 27. oktober 1958  — Republican Party Mirza var den siste generalguvernøren av Pakistan og blei den første presidenten etter grunnloven av 1956, som gjorde landet til ein republikk.[3] Han blei avsett i eit militærkupp av general Ayub Khan, som Mirza hadde utnemnd til Chief Martial Law Administrator i 1957.[11]
2 A black og white portrait of Ayub Khan Ayub Khan[11]
(1907–1974)
27. oktober 1958 8. juni 1962[n 2]  —  — Mal:If empty Ayub tok kontroll over ladet ved eit statskupp i 1958. Han leia Pakistan inn i ein krig mot India i 1965.[15] I 1969 gjekk Ayub av etter press frå opposisjon, og overlét makta til general Yahya Khan.[10]
8. juni 1962 31. mars 1969 2. januar 1965[n 2] Pakistan Muslim League (C)
3 A portrait of Yahya Khan Yahya Khan[16]
(1917–1980)
31. mars 1969 20. desember 1971  —  — Mal:If empty Yahya fekk embetet etter at Ayub Khan trekte seg i 1969. Han trekte seg etter at Pakistan blei nedkjempa i Den bangladeshiske frigjeringskrigen i 1971.[10]
4 A black og white photo of Wajahat Haider, during a meeting Zulfikar Ali Bhutto[17]
(1928–1979)
20. desember 1971 13. august 1973 20. desember 1971 Pakistan Peoples Party Bhutto trekte seg som president for å bli statsminister etter innføringa av grunnloven frå 1973, som gav landet eit parlamentarisk politisk system.[10][18]
5 Fazal E Ch.jpg Fazal Ilahi Chaudhry[19]
(1904–1982)
14. august 1973 16. september 1978 14. august 1973 Pakistan Peoples Party Chaudhry var ein konstitusonell president, der statsmiinister Zulfikar Ali Bhutto hadde den politiske makta. Chaudhry trekte seg i 1978 og overlét embetet til general Zia.[13]
6 Muhammad Zia-ul-haq in black Sherwani, looking towards the camera Muhammad Zia-ul-Haq[9]
(1924–1988)
16. september 1978 17. august 1988  —  — Mal:If empty Zia tok de facto kontroll over landet gjennom eit statskupp i 1977. Han hadde tittelen Chief Martial Law Administrator til 1979. Zia-ul-Haq blei drepen i ei flyulkke i 1988. Han er den einaste pakistanske presidenten som har døydd i embetet.[13][20]
7 Ghulam Ishaq Khan[21]
(1915–2006)
17. august 1988 18. juli 1993 13. desember 1988 Sjølvstendig Khan blei president etter at Zia døydde i 1988. Han prøvde å avsetja regjeringa til Nawaz Sharif i 1993, men høgsteretten la ned veto mot avgjerda. Til slutt gjekk Khan av i lag med Sharif, i ein avtale hæren forhandla fram.[22]
8
Farooq-Leghari1.jpg
Farooq Leghari[23]
(1940–2010)
14. november 1993 2. desember 1997 14. november 1993 Pakistan Peoples Party Leghari blei vald til president i 1993 etter at Ghulam Ishaq Khan tekte seg. Leghari var i koflikt med statsminister Nawaz Sharif, og trekte seg til slutt etter påtrykk frå dei konservatives og hæren.[24]
9 A side shoot of Muhammad Rafiq Tarar at an award ceremony Muhammad Rafiq Tarar[25]
(1929–)
1. januar 1998 20. juni 2001 31. desember 1997 Pakistan Muslim League (N) Tarar var konstitusjonell president, medan statsminister Nawaz Sharif hadde den politiske makta. Tarar trekte seg i 2001.[26]
10 A portrait of Pervez Musharraf Pervez Musharraf[26]
(1943– )
20. juni 2001 6. oktober 2007 1. januar 2004[n 3]  — Mal:If empty Musharraf tok de facto kontroll over landet gjennom eit kupp i 1999. Han hadde tittelen Chief Martial Law Administrator til 2002.[26][28] Musharraf trekte seg som president i 2008 for å unngå å stillast for riksrett.[29]
6. oktober 2007 18. august 2008 6. oktober 2007 Pakistan Muslim League (Q)
11 A portrait of Asif Ali Zardari Asif Ali Zardari[30]
(1955– )
9. september 2008 9. september 2013 6. september 2008 Pakistan Peoples Party Zardari blei vald etter at Musharraf trekte seg i 2008. Det 18. grunnlovstillegget frå¨2010 reduserte den vide presidentmakta til ei seremoniell rolle.[31]
12 Mamnoon Hussain 2014.jpg Mamnoon Hussain[32]
(1941– )
9. september 2013 9. september 2018 30. juli 2013 Pakistan Muslim League (N) Hussain blei vald til den 12. presidenten av Pakistan med ein god majoritet, og byrja i embetet den 9. september 2013.[33][34]
13 Arif Alvi.jpeg Arif Alvi[35]
(1949– )
9. september 2018 4. september 2018 Pakistan Tehreek-e-Insaf Alvi blei vald til den 13. presidenten i Pakistan med over 54&nbspø% av røystene i valkollegiet. Motkandidatane var Maulana Fazl-ur-Rehman og Aitzaz Ahsan.[35]

Mellombels presidentar[endre | endre wikiteksten]

No. Bilde Namn
(Birth–death)
Byrja[4] Slutta[4] Val Parti
1A State emblem of Pakistan.svg Wasim Sajjad[7]
(1941– )
18. juli 1993 14. november 1993  — Pakistan Muslim League (N)
2A State emblem of Pakistan.svg Wasim Sajjad[7]
(1941– )
2. desember 1997 1. januar 1998  — Pakistan Muslim League (N)
3A A portrait of Muhammad Mian Soomro Muhammad Mian Soomro[13]
(1950– )
18. august 2008 9. september 2008  — Pakistan Muslim League (Q)

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Oppdatert juli 2017
  2. 2,0 2,1 Til 1962 regjerte Khan under unntakstilstand. I 1965 blei han gjenvald gjennom indirekte val i ei ording kalla Basic Democracy, til ein ny periode.[14]
  3. Musharraf fekk seg sjølv vald til president av valkollegiet.[27]
Sitat
  1. «powers, subject to Supreme Court approval or veto, to dissolve the National Assembly, triggering new elections, and thereby dismissing the Prime Minister»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The President's Role». Presidency of the Islamic Republic of Pakistan. Arkivert frå originalen 7. november 2012. Henta 16 . januar 2013. 
  2. «Pakistan parliament agrees to curb presidential powers». BBC News. 8. april 2010. Henta 4. juli 2012. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «The constitution of the islamic republic of pakistan» (pdf). National Assembly of Pakistan. Henta 4. juli2012. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 «Previous Presidents». Presidency of the Islamic Republic of Pakistan. 25. april 2011. Arkivert frå originalen 7. november 2012. Henta 16. januar 2013. 
  5. Monitoring Desk (14. november 2012). «Former President Iskander Mirza remembered». The Frontier Post. Henta 16 . januar 2013. 
  6. 6,0 6,1 «Iskander Mirza». PakistanHerald.com. Henta 16. januar 2013. 
  7. 7,0 7,1 7,2 «Wasim Sajjad». DailyPakistan.com. Arkivert frå originalen 14. mai 2013. Henta 16. januar 2013. 
  8. «World: South Asia – Pakistan's army og its history of politics». BBC News. 12. oktober 1999. Henta 16. januar 2013. 
  9. 9,0 9,1 Fathers, Michael (18. august 1998). «Obituary: President Mohammad Zia ul — Haq». The Independent. Henta 16. januar 2013. 
  10. 10,0 10,1 10,2 10,3 Ali, Hasan (19. august 2008). «4 military dictators among 14 heads of state under Officers' Club of Revolutionary Armed Forces». Daily Times. Henta 16. januar 2013. [daud lenkje]
  11. 11,0 11,1 11,2 Aziz, Sartaj (2009). Between Dreams og Realities: Some Milestones in Pakistan’s History. Karachi, Pakistan: Oxford University Press. s. 408. ISBN 978-0-19-547718-4. Arkivert frå originalen 2013-09-19. 
  12. «Arif Alvi sworn in as 13th President of Pakistan». DAWN.COM. 9. september 2018. Henta 12. september 2018. 
  13. 13,0 13,1 13,2 13,3 Lodhi, Adnan (6. september 2008). «Only three completes presidential terms in over 60 years». Daily Times. Arkivert frå originalen 21. januar 2012. Henta 20. januar 2013. 
  14. «Field Marshal Muhammad Ayub Khan». Presidency of the Islamic Republic of Pakistan. Arkivert frå originalen 15. mai 2013. Henta 20. januar 2013. 
  15. «Lessons of the 1965 War». Daily Times. 7. september 2005. Arkivert frå originalen 19. januar 2013. Henta 20. januar 2013. 
  16. «Yahya Khan». Herald (Pakistan). Henta 16. januar 2013. 
  17. Paracha, Nadeem F. (4 April 2012). «Bhutto and I». Dawn. Henta 16. januar 2013. 
  18. Tasleem, Nauman (27. juni 2004). «20 prime ministers since independence». Daily Times. Arkivert frå originalen 2. oktober 2013. Henta 9 . september 2012. 
  19. Staff Reporter (1. juni 2012). «Ex-president of Pakistan Fazal Ilahi's anniversary today». SAMAA TV. Arkivert frå originalen 2. november 2013. Henta 16. januar 2013. 
  20. Anthony Hyman; Muhammed Ghayur; Naresh Kaushik (1989). Pakistan: Zia og after. Abhinav Publications. s. 20–35. ISBN 978-81-7017-253-6. Henta 16. januar 2013. 
  21. Khan, M Ilyas (27. oktober 2006). «Obituary: Ghulam Ishaq Khan». BBC News. Henta 16. januar 2013. 
  22. Masood, Salman (28. oktober 2006). «Ghulam Ishaq Khan, 91, Former President of Pakistan, Dies». The New York Times. Henta 16. januar 2013. 
  23. «Former Pakistani President Farooq Leghari dies». BBC News. 20. oktober 2010. Henta 16. januar 2013. 
  24. Burns, John F. (8. november 1996). «Pakistan's Bhutto Quandary». The New York Times. Henta 16. januar 2013. 
  25. «Tarar sworn in as Pakistani president». BBC News. 1. januar 1998. Henta 16 . januar 2013. 
  26. 26,0 26,1 26,2 «The rise og fall of Musharraf». Al Jazeera English. 18. august 2008. Henta 16. januar 2013. 
  27. Waldman, Amy (2. januar 2004). «Pakistan gives Musharraf confidence vote as president». The New York Times. Henta 20. januar 2013. 
  28. Rohde, David (4. november 2007). «Musharraf Declares Emergency Rule». The New York Times. Henta 16. januar 2013. 
  29. «Pakistan's Musharraf will resign». BBC News. 18. august 2008. Henta 16. januar 2013. 
  30. «Profile: Asif Ali Zardar». BBC News. 16. desember 2009. Henta 16. januar 2013. 
  31. «Bhutto's widower wins presidency». BBC News. 6. september 2008. Henta 17. januar 2013. 
  32. Khattak, Sohail (31. juli 2013). «Mamnoon Hussain: A man of principles». The Express Tribune. Henta 9. september 2013. 
  33. «Mamnoon Hussain elected as Pakistan's 12th president». The Express Tribune. Web Desk. 30. juli 2013. Henta 30. juli 2013. 
  34. Manan, Abdul; Khan, Sumera (30. juli 2013). «Watershed moment: Asif Zardari basks in afterglow of democracy». The Express Tribune. Henta 9. september 2013. 
  35. 35,0 35,1 «Arif Alvi elected 13th president of Pakistan». The Express Tribune. 4. september 2018. Henta 4. september 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]