Presidentadministrasjonen i Russland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Presidentadministrasjonen i Russland (russisk Администрация президента России) er den utøvande organisasjonen til presidenten i Russland. Den vart grunnlagd av Boris Jeltsin i 1991. Sjefen for denne organisasjonen vert vald direkte av presidenten sjølv, og treng ikkje verta godkjend av noka anna styresmakt. Personellet i organisasjonen vert i sin tur utpeikt av sjefen. Organisasjonen hadde då omlag 2000 tilsette.