Presque Isle State Park

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 42°09′47″N 80°06′03″W
Presque Isle State Park
verneområde
Presque Isle Pennsylvania aerial view.jpg
Flyfoto av Presque Isle mot nordaust
Namneopphav: presqu'île, fransk for «nesten ei øy»
Land Flag of the United States.svg USA
Stat Pennsylvania
County Erie
Township Millcreek
Stad Lake Erie
 - høgd 177 moh.
 - koordinatar 42°09′47″N 80°06′03″W
Areal 1 259,4 ha [1]
Grunnlagd Mai 1921
Styre Pennsylvania Department of Conservation and Natural Resources
Vitjande over 4 mill, årleg [2]
Pennsylvania Locator Map.PNG
Locator Red.svg
Presque Isle State Park, Lake Erie, and Erie, Pennsylvania
Presque Isle State Park, Lake Erie, and Erie, Pennsylvania
Wikimedia Commons: Presque Isle State Park
Nettstad: Presque Isle State Park

Presque Isle State Park er ein delstatseigd park i Pennsylvania i USA som ligg på ein sanddekt halvøy ut i Lake Erie, 7 km vest for byen Erie i Millcreek Township i Erie County. Halvøya strekkjer seg nordaustover kring Presque Isle Bay langs sørkysten av parken. I parken er det 21 km med veg, 33 km med stiar, 12 strender og ein marina. Populære fritidsaktivitetar i parken er symjing, båtliv, turar, sykling og fuglekikking.

Gjennom historia har det stått franske, britiske og amerikanske fort på halvøya, og ho har vore base for kommandør Oliver Hazard Perry sin flåte i krigen i 1812. Etter kvart som skipstransport vart viktig på Eriesjøen på 1800-talet, stod det fleire fyr på Presque Isle og ein stasjon for det som vart den amerikanske kystvakta. I 1921 vart parken delstatseigd og han hadde i 2007 over fire millionar vitjande, som er den mest vitja parken i Pennsylvania.[2]

Presque Isle-halvøya vart danna av ei morene mot slutten av den siste istida og endrar kontinuerleg form av bølgjer og vind. Dette fører til sju økoloiske soner innfor parken og eit klassisk døme på økologisk suksesjon. Han har hatt status som National Natural Landmark sidan 1967 og har vorte kalla ein av dei beste stadane i USA for fuglekikking.

Panoramabilete av Beach 6 frå Lake Erie i Presque Isle State Park
Panoramabilete av Beach 6 frå Lake Erie i Presque Isle State Park

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Trostle, Sharon, red. (2009). The Pennsylvania Manual 119. Harrisburg: Pennsylvania Department of General Services. s. 9–16. ISBN 0-8182-0334-X. 
  2. 2,0 2,1 «Presque Isle State Park». Pennsylvania Department of Conservation and Natural Resources. Henta 30. januar 2007. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]