Pressens Faglige Utvalg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Pressens Faglige Utvalg, ofte omtalt som PFU, er eit utval som Norsk Presseforbund har skipa for å overvake og fremme den etiske og faglige standarden i norsk trykt presse, radio, fjernsyn og internett-publikasjonar. Som ein lekk i dette arbeidet tek utvalet opp til vurdering klager over framferda til norske medium, og konkluderer i ei fråsegn som vert gjort offentleg. Utvalet har sju faste representantar, fire frå media og tre frå ålmenta. Media er representert ved to redaktørar og to journalistar som skal spegle mediemangfaldet. Det er ti vararepresentantar, derav fire frå ålmenta. Utvalet vart skipa i 1936.

Alle redaktørstyrte medium som er knytt til Norsk Presseforbund kan klagast inn for Pressens Faglige Utvalg. Det same gjeld frittståande utgjevarar som ikkje er medlem av Norsk Presseforbund, men som er tilknytt Vær Varsom-plakaten. Klager over andre medium kan avgjerast av Pressens Faglige Utvalg dersom dei samtykker til det.

Pressens Faglige Utvalg kan ta opp til førehaving klager frå einskildpersonar, organisasjonar, institusjonar, verksemder og styresmakter. Generalsekretæren i Norsk Presseforbund kan òg be utvalet ta opp saker av prinsipiell interesse, eller saker der det er rimeleg å gje den eller dei som saka gjeld, hjelp til å fremme ho. Retningslinene for arbeidet i Pressens Faglige Utvalg er Vær Varsom-plakaten som Norsk Presseforbund vedtok i 1936 og dei endringane som er gjort seinare, mellom anna ved at Tekstreklameplakaten vart innteke i 2015, og Redaktørplakaten som vart vedteke i 1953 av Norske Avisers Landsforbund og Norsk Redaktørforening og revidert seinare.

Saksførehavinga i Pressens Faglige Utvalg er offentleg. Saksdokumenta, det vi seie klaga og tilsvaret til klaga, sakssamandraget og innstillinga frå sekretariatet for utvalet, og fråsegna som utvalet gjev i saka, er offentlege. Sakssamandrag vert publisert før møta i utvalet, men innstillinga frå sekretariatet er ikkje offentleg før ho vert lese opp i ope møte. Møta i utvalet er opne, og det kan i utgangspunktet refererast og kringkastast frå møta.

Dersom privatlivets fred eller personlege tilhøve skal vernast, eller det vil vere særleg tyngande for klagaren at saka er offentleg, kan dokumenta verte unnateke frå offentleggjering og saka verte anonymisert. Av same omsyn kan utvalet gjere vedtak om å lukke møtet. Spørsmål om ikkje å late dokumenta vere offentlege, og om anonymitet i saksførehavinga, vert avgjort av generalsekretæren i Norsk Presseforbund.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]