Prestegrotta

Koordinatar: 48°46′21″N 25°59′30″E / 48.77250°N 25.99167°E / 48.77250; 25.99167
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

48°46′21″N 25°59′30″E / 48.77250°N 25.99167°E / 48.77250; 25.99167 Prestegrotta (Ozernaukrainsk Озерна, tyder: "innsjø") er ei grotte vest i Ukraina nær landsbyen Strilkivtsi (ukrainsk стрілківці), i Borsjtsjiv rajon i Ternopil oblast.

Prestegrotta er ein del av eit omfattande gipsgrottesystem og er ei av dei lengste i verda med ei lengd på 124 km, av dei delane som er utforska.[1] Grotta ligg kring 450 km frå Kiev og kring 5,5 km sør for Borsjtsjiv.

I 1942-1944 gøymde fleire jødiske familiar seg frå nazistane. Nokre av dei vart funne, medan 38 av dei overlevde fram til den raude armeen frigjorde området i april 1944. Somme av dei hadde då vore i grotta i 344 dagar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Taylor, Peter Lane (June/July 2004). «Off the Face of the Earth». National Geographic. Henta 9. mai 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]