Presteidfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 68°05′36″N 15°41′48″E

Indre del av fjorden med Presteidstraumen mot Glimma
Foto: TorbjørnS

Presteidfjorden er ein fjord i Hamarøy kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 8,5 km sørvestover.

Fjorden har innløp mellom Jekteneset i nordvest og Gunnarboren i søraust. Fjorden går generelt vestover på austsida av Hamarøya. På sørsida av fjorden ligg bygda Presteid. Frå her går det eit smalt sund sørover kalla Presteidstraumen. Fjorden held fram eit lite stykke sørover på andre sida og ned til ei vik kalla Glimmen.

Riksveg 81 går langs sørsida av fjorden og kryssar Presteidstraumen via Presteidbrua. Frå Presteid går Fv665 nordover langs vestsida.