Prestfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Prestfjorden er ein fjord mellom Langøya i aust og Skogsøya i vest i Øksnes kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 9,5 km sørover langs austsida av Skogsøya til Reinøya.

Fjorden startar på sørsida av Gåsøya i nord. Høydal er ei bygd som ligg på austsida av fjorden, og litt lenger sør ligg tettstaden Myre, som er administrasjonssenter i Øksnes. Tettstaden ligg delvis på Sommarøya som ligg i fjorden. På Skogsøya er det få busetnader langs fjorden. I sør held fjorden fram som Steinlandsfjorden og Romsetfjorden.