Prestfossen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Prestfossen

Prestfossen er ein foss i elva Bøvra, ved tettstaden Fossbergom i Lom kommune i Oppland. Fossen ligg attmed staden der riksveg 15 krossar Bøvra, like før elva renn ut i innsjøen Skim.

Prestfossen er vorten brukt til å drive både mølle og sagbruk, og det har tidlegare også vore eit lite kraftverk ved fossen.