Prestvannet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 69°39′33.030″N 18°56′3.9192″E

Prestvannet: Kjært men skjørt turmål i Tromsø.
Parkveg ved Prestvannet

Prestvannet og parkområda rundt er eit kjært turmål i Tromsø, sommar som vinter. Vatnet har eit rikt fugleliv med ender, måker og andre fuglar, og derfor er delar av vatnet freda i hekkeperiodar. Vatnet ligg på Tromsøya, 96 moh.

Drikkevatn[endre | endre wikiteksten]

I 1867 vart vatnet demma opp for å brukast til drikkevatn i byen nedanfor. I tida etter vart demningar og vollar utbetra og forsterka, men til tross for dette var Prestvannet eit dårleg drikkevatn. Då det nye vassverket på Slettaelva vart tatt i bruk i 1921, vart det slutt på å bruke Prestvannet som drikkevatn.

Rikt dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Prestvannet har eit rikt dyreliv. Blant fugleartane finst lom, toppand og hettemåke. Ei av årsakene til artsrikdomen er dei mange flytande torvøyene i vatnet som sikrar beskyttande hekkeplassar. I den seinare tid har det vore diskutert om vatnet gror saman, og at det kanskje bør setjast i gang tiltak for å halde vatnet ope for å beskytte det varierte dyrelivet. Om dette er nødvendig og rett å gjere er omstridt.

Fisk[endre | endre wikiteksten]

Etter at Prestvannet vart demma opp, prøvde ein å sette ut røye og aure, men dei døydde kvar vinter av mangel på oksygen. Så prøvde ein å sette ut den sentraleuropeiske arten karuss, som faktisk klarte seg. Karussen har ein spesiell eigenskap; om vinteren legg den seg i mudderet på botn. På grunn av oksygenmangelen utviklar den alkohol i blodomløpet. Skulle Prestvannet botnfryse om vinteren, vil også alkoholen senke frysepunktet i blodet, og karussen har ein større sjanse for å overleve. I tillegg til karuss finst det også trepigga stingsild i vatnet, men denne fisken har ein mykje større døyelegheit på grunn av mangel på oksygen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]