Prestwick

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Prestwick

skotsk-gælisk
skotsk
Preastabhaig
Preswick
Rådhuset i Prestwick
Rådhuset i Prestwick
Plassering
Prestwick is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of Scotland.svg Skottland
Region South Ayrshire
Tradisjonelt grevskap Ayrshire and Arran
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

14 934
Koordinatar 55°30′″N 4°37′″WKoordinatar: 55°30′″N 4°37′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer KA9
Telefon-retningsnummer 0 1292
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Prestwick

Prestwick er ein by i regionen South Ayrshire i Skottland. Han har kring 15000 innbyggjarar. Byen ligg rett nord for administrasjonsbyen i regionen, Ayr, og dei to byane veks meir og meir saman.

Byen er kjent for golfbanane sine, først og fremst Prestwick Golf Club.

Glasgow Prestwick lufthamn ligg rett utanfor byen, og omkring 53 km frå Glasgow. Han blir brukt mykje av lågprisselskap som Ryanair og BMIbaby, og er eit knutepunkt for flytransport. Polar Air Cargo brukar han som hovudbasen sin. BAE Systems og GE Aircraft Engines har vedlikehalds- og produksjonslokale ved flyplassen.

Prestwick er òg eit sentrum for flykontrolltenesta, og kontrollerer omkring 70 % av flytrafikken i Storbritannia. I tillegg utgjer han halvparten av Shanwick Oceanic Control Centre, som overvaker all flytrafikk på den europeiske sida av Nord-Atlanteren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]