Pretoria

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Pretoria (også kalla Tshwane) er den administrative hovudstaden i Sør-Afrika, og har om lag 1,3 million innbyggjarar. Byen ligg i den nordlege delen av Gautengprovinsen, om lag 50 km nord for Johannesburg. Hovudspråka i området er afrikaans, tswana, engelsk og ndebele.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Byen ligg på ei trelaus slette i overgangsområdet mellom høglandet og bushlandet. Sletta ligg i ein frodig dal med rikt fugleliv, 1 360 moh., omkransa av Magalies- og Witwatersrandberga. Elva Aapies renn gjennom.

Pretoria er regelmessig laga til med breie vegar, opne plassar og mange små hus med hagar rundt. Dei offisielle regjeringsbygga ligg i bydelen Bryntirion.

Namn på byen[endre | endre wikiteksten]

Pretoria fekk namnet sitt etter Andries Pretorius, ein boerhelt frå før Sør-Afrika blei kolonisert av britane. Etter at dei farga sørafrikanarane fekk demokratiske rettar i landet, har dei ønska å endra ulike mistilhøve, slik som at mange viktige byar har namn frå afrikaans eller engelsk, medan tradisjoneller namn frå innfødde språk er blitt borte. Det er gjort mange framlegg om namneendringar ulike stader i landet, og i Pretoria ville ein endra namnet til Tshwane, som tyder «me er like».

Tshwane var namnet på sonen til zuluhovdingen Mushi, som slo seg ned i området som skulle bli Pretoria tidleg på 1700-talet, rundt hundre år før dei første boarane kom dit. Mushi kalla opp elva som no renn gjennom byen etter sonen sin. Seinare fekk elva afrikaans-namnet Apies.

I nyare tid blei namnet Tshwane teke i bruk om det urbane området rundt Pretoria. I mars 2005 vedtok så bystyret at også sjølve hovudstaden skulle bera dette namnet. Endringa blei tilråda av den sørafrikanske kommitéen for geografiske namn i mai same året. Eit år etter uttalte kulturministeren Pallo Jordan at ei slik endring måtte tenkast nøye gjennom, og la henne foreløpig på is.

Det har vore motstand frå fleire kantar mot det føreslåtte nye namnet. Afrikaans-talarar har demonstrert for Pretoria-namnet, som dei hevder er ein viktig del av kulturen deira. Svarte leiarar har kritisert valet av Tshwane som einsidig zulu, og har mellom anna føreslått KwaMyamana, som er det tradisjonelle ndebele-namnet for området. Andre er derimot svært begeistra for namnet.

Pretoria har òg tilnamnet jakarandabyen etter dei mange jakarandatrea som veks langs gatene.