Pretty Ballerina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pretty Ballerina
Singel av The Left Banke
frå albumet Walk Away Renée/Pretty Ballerina
B-side Lazy Day
Utgjeve Desember 1966
Innspelt World United i New York City
Sjanger Barokk pop[1]
Lengd 2:41
Selskap Smash
Låtskrivar(ar) Michael Brown
Produsent Harry Lookofsky, Steve Jerome, Bill Jerome
The Left Banke-kronologi
«Walk Away Renée»
(1966)
Pretty Ballerina «Ivy Ivy»
(1967)


«Pretty Ballerina» er ein song skriven av Michael Brown (fødd Michael Lookofsky) og gjeven ut på singel av bandet hans The Left Banke i desember 1966.[2] Songen nådde 15. plassen på Billboard Hot 100-lista og fjerdeplassen på den kanadiske RPM-lista. Den originale Left Banke-versjonen vart sungen av Steve Martin Caro og har blitt nytta i filmar som Apocalypse Now, Off Limits og Things Behind the Sun. Songen er blitt spelt av artistar som Alice Cooper, John Mellencamp, Jason Falkner, Peter Kingsbery, Eels, den argentinske rockestjerna Charly García, Alan Merrill, The Bluetones og The Dickies.

«Pretty Ballerina» var ein av dei første popsongane som brukte lydisk skala i melodien, før The Beatles sin indiskinspirerte «Blue Jay Way» og Donovan sin «Peregrine».[3] Songen har ein obosolo og vert framført i lag med ein strykekvartett.

«Pretty Ballerina» er ein av fleire songar Brown skreiv om Renée Fladen, kjærasten til Left Banke-gitaristen Tom Finn. Andre songar skrivne om ho er den største hitten til bandet, «Walk Away Renée» og «She May Call You Up Tonight».

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1967) Plassering
Canada RPM 4
New Zealand 13
U.S. Billboard Hot 100[4] 15
U.S. Cash Box Top 100 12

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1967) Plassering
U.S. (Joel Whitburn's Pop Annual) [5] 149

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Steve Smith: Wyman and Taylor join the Rolling Stones onstage; Coldplay takes a break». Arkivert frå originalen 3. desember 2012. Henta 7. mai 2016.  Pasadena Star-News. 29. november 2012.
  2. Gilliland, John (1969). «Show 37 - The Rubberization of Soul: The great pop music renaissance. [Part 3] : UNT Digital Library» (audio). Pop Chronicles. Digital.library.unt.edu. Henta 1. september 2019. 
  3. Everett, Walter (2009). The Foundations of Rock: From «Blue Suede Shoes» to «Suite: Judy Blue Eyes»'. New York, NY: Oxford University Press. s. 255–56. ISBN 978-0-19-531024-5. 
  4. [Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955-2002]
  5. Whitburn, Joel (1999). Pop Annual. Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research Inc. ISBN 0-89820-142-X. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]