Pretty Paper

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pretty Paper
Singel av Roy Orbison
B-side «Almost»
Utgjeve 1963
Sjanger Julemusikk, country
Lengd 2:41
Selskap Monument Records
Låtskrivar(ar) Willie Nelson
Produsent Fred Foster
Roy Orbison-kronologi
«Mean Woman Blues»
(1963)
Pretty Paper «It's Over»
(1963)


«Pretty Paper» er ein song skriven av countryartisten Willie Nelson. Etter han fekk platekontrakt med Monument Records, spelte Nelson songen for produsenten Fred Foster. Foster gav songen til Roy Orbison, som gjorde han til ein hit. Nelson spelte inn sin versjon av songen i november 1964.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Songen vart skriven av Willie Nelson i 1963 og fortel soga om ein gateseljar, som i juletida sel blyantar og papir på gata.[1] Nelson vart inspirert til å skrive songen etter å ha sett ein mann med amputerte som kraup rundt og selde papir og blyantar føre ein butikk i Fort Worth i Texas.[2]

I 2013 identifiserte Fort Worth Star-Telegram mannen som Frankie Brierton frå Santo i Texas. Brierton nekta å bruke rullestol og valte i staden å krype

Bakgrunn og innspeling[endre | endre wikiteksten]

Tidleg i 1964 fekk Nelson kontrakt hos Fred FosterMonument Records.[3] I oktober 1964 song Nelson «Pretty Paper» for Foster, som likte songen så godt at han ønskte å gje han vidare til Roy Orbison i London. Bill Justis arbeidde med arrangementet og ein demo vart sendt til Orbison i England.[4] Ved Pye Studios fekk Justis og Foster hyrt inn eit orkester. Kvar musikar fekk nydesigna mikrofonar av lydteknikarane til Decca Records. Mikrofonane vart festa rundt halsen for å forsterke strykarane. Orbison kom til studio med feber. Han spelte inn songen på eit forsøk, i lag med B-sida «Almost».[4]

Etter å ha flytta til RCA Records i november 1964, spelte Nelson inn sin eigen versjon, produsert av Chet Atkins. Musikarane på denne innspelinga var Hargus «Pig» Robbins (piano), Pete Drake (pedalsteel), Henry Strzelecki (bass), Kenneth Buttrey (trommer), Jerry Reed (gitar) og Velma Smith (gitar). Nelson spelte inn B-sida «What a Merry Christmas This Could Be». Nelson spelte inn songen igjen i 1979 for albumet Pretty Paper.[5] Mange andre artistar har spelt inn songen gjennom åra.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Orbison-versjonen kom ut i november 1963 og nådde tiandeplassen på Billboard's Adult Contemporary Chart, 15. plassen på Billboard Hot 100 og 27. plassen på julesingellista.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]