Pretty Thing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pretty Thing
Singel av Bo Diddley
frå albumet Bo Diddley
B-side

«Bring It to Jerome»

Utgjeve November 1955[1]
Innspelt 14. juli 1955 i Chicago i Illinois[2]
Sjanger Rock and roll, rhythm and blues
Lengd 2:48
Selskap Checker
Låtskrivar(ar) Willie Dixon
Produsent Leonard Chess, Phil Chess, Bo Diddley[2]
Bo Diddley-kronologi 
«Diddley Daddy»
(1955)
Pretty Thing «Diddy Wah Diddy»
(1956)


«Pretty Thing» er ein song frå 1955 skriven av Willie Dixon og opphavleg framført av Bo Diddley. Songen var den tredje singelen til Diddley og kom ut på Checker Records etter «Diddley Daddy». Songen vart seinare gjeven ut i Storbritannia, der han vart en første av berre to songar som gjekk inn på UK Singles Chart. Den andre singelen var «Hey Good Lookin'».[3]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

US 45 RPM/78 RPM[endre | endre wikiteksten]

Side ein
  1. «Pretty Thing»
Side to
  1. «Bring It to Jerome»

UK 45 RPM[endre | endre wikiteksten]

Side ein
  1. «Pretty Thing»
Side to
  1. «Road Runner»

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

«Pretty Thing» vart spelt inn av Bo Diddley den 14. juli 1955 i Chicago - same dagen som «Bring It to Jerome». Innspelinga vart produsert av Chess-brørne, Leonard og Phil, i tillegg til Bo Diddley. Musikaren på innspelinga var Bo Diddley (vokal, gitar), Jerome Green (maracas), Lester Davenport (munnspel) og Clifton James (trommer).[2]

Singellister[endre | endre wikiteksten]

«Pretty Thing» var den andre singelen til Diddley som gjekk inn på den amerikanske Billboard R&B Singles-lista og nådde fjerdeplassen i 1956. Dette var den tredje høgasteplasseringa Diddley klarte.[4] «Pretty Thing» nådde òg 34. plassen på UK Singles Chart.[3]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

The Pretty Things spelte inn ein versjon av songen på debutalbumet sitt i mars 1965. The Animals spelte inn ein versjon i 1963 for ein EP og gav han seinare ut som bonusspor på Animalisms. Canned Heat gav ut ein versjon av songen på Vintage i 1970. John Hammond og The Nighthawks spelte inn ein versjon av «Pretty Thing» for Vanguard Records i september 1979 og gav han ut på Hot Tracks.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «This Week's Best Buys». Billboard: 49. November 26, 1955. Henta 10. juli 2017. 
  2. 2,0 2,1 2,2 His Best (CD liner). Bo Diddley. USA: Chess Records/MCA Records. 1997. CHD-9373 https://web.archive.org/web/20110916055954/http://aln3.albumlinernotes.com/Bo_Diddley_His_Best.html |archive-url= missing title (hjelp). Arkivert frå originalen 16. september 2011. Henta 10. juli 2017. 
  3. 3,0 3,1 «Bo Diddley - Full Official Chart History». Official Charts Company. Official Charts Company. Henta 19. januar 2016. 
  4. «Bo Diddley - Billboard Singles». Allmusic. USA: Rovi Corporation. Henta November 28, 2010. 
  5. Eder, Bruce. «Overview: Hot Tracks by John Hammond, Jr.». Allmusic. USA: Rovi Corporation. Henta 10. juli 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]