Preussenkvartettane av Mozart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Preussenkvartettane er ei samling på tre strykekvartettar, nr. 21–23 (K. 575, 589, 590), komponerte av Wolfgang Amadeus Mozart mellom 1789-90 og dediserte til kongen av Preussen, Friedrich Wilhelm II. Sjølv om dei ikkje vart rekna som like gode som dei meir kjende 'Haydnkvartettane' (K. 387, 421, 428, 458, 464, 465), er desse stykka kjende for den vakre likevekta mellom instrumenta og den særs prominente og melodiøse celloparten (instrumentet som kongen sjølv spelte).

Kvartettane[endre | endre wikiteksten]

På grunn av den dominerande celloen vert kvartettane òg kalla «Concertantekvartettane».

Historisk bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Medan Mozart komponerte desse kvartettane arbeidde han òg på fleire sonatar for dottera til kongen, prinsesse Friederike (K. 576 var den einaste som vart ferdig). Han vart betalt 100 Friedrichsd’or for arbeidet sitt. Etter dette fekk han ikkje meir av pengane han var lova, så Mozart heldt attende dediseringa og betalte for graveringa av stykket sjølv.[1]

Mozart dediserte aldri stykket til den prøyssiske kongen, så tittelen på desse kvartettane er lagt til sidan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Prussian Quartets (Mozart)» frå Wikipedia på engelsk, den 29. februar 2012.
  • Einstein, Alfred: Mozart: His Character and works
  • Solomon, Maynard: Mozart: A Life
  • Nohl, Ludwig: (compiler), Wallace, Lady Grace (translator): The Letters of Wolfgang Amadeus Mozart
  • Holmes, Edward. The Life of Mozart Including His Correspondence. New York: Da Capo Press, 1979.
  1. Letter to Michael von Puchberg, 13 July 1789

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]