Hopp til innhald

Priestleybreen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Priestleybreen
isbre
Sideveggen av Priestleybreen i 2013
Land  Antarktis
Stad Victoria Land
 - koordinatar 74°20′S 163°22′E / 74.333°S 163.367°E / -74.333; 163.367
Lengd 100 km
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Priestleybreen
74°20′00″S 163°22′00″E / 74.33333333°S 163.36666667°E / -74.33333333; 163.36666667
Priestleybreen is located in Antarktis
Priestleybreen (Antarktis)
Wikimedia Commons: Priestley Glacier

Priestleybreen er ein stor dalbre på kring 100 km som startar ved kanten av polarplatået i Victoria Land i Antarktis. Isbreen flyt søraust mellom Deep Freeze og Eisenhower Range og ut i nordenden av Nansenisen.

Han vart først utforska av den nordlege gruppa frå Terra Nova-ekspedisjonen i 1910–13, og kalla opp etter Raymond E. Priestley, som var geolog med den nordlege gruppa.

Priestley Névé er ein firn ved enden av Priestleybreen i Victoria Land. Han vart namngjeven av New Zealand Antarctic Place-Names Committee (NZ-APC) kring 1966 i samband med Priestleybreen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Priestleybreen» (innhald frå Geographic Names Information System).