Prievidza
| Prievidza | |||
| by | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Høgd | 280 m | ||
| Areal | 43,063 km² | ||
| Folketal | 41 959 (31. desember 2025) | ||
| Først nemnd i | 1113 | ||
| Postnummer | 971 01 | ||
| Retningsnummer | +421-46 | ||
| Bilnummer | PD | ||
![]() Prievidza 48°46′17″N 18°37′27″E / 48.771388888889°N 18.624166666667°E | |||
| Wikimedia Commons: Prievidza | |||
Prievidza (ungarsk Privigye, tysk Priwitz) er ein by sentralt i det vestlege Slovakia. Han har om lag 50 000 innbyggjarar og er ein av dei største byane i Trenčín kraj.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Byen vart nemnd første gongen i 1113 som «Preuigan». Han fekk status som fri kongeleg by i 1383. Sidan 1500-talet utvikla handverkaryrket seg i Prievidza. Frå 1500-talet til første del av 1600-talet kontrollerte familen Thurzo byen. Det osmanske riket kom til byen frå sør og brende han ned i 1599, i lag med andre byar i den øvre Nitradalen. Under Kuruc-opprøret i 1673 vart Prievidza sett i brann igjen, og brannen tok delar av byarkiva. I 1870 hadde han 2719 innyggjarar.
Frå slutten av 1800-talet og byrjinga på 1900-talet har industrien vokse i byen etter at jernbanen først kom hit. I den andre verdskrigen var byen eit av sentera til den slovakiske motstandsrørsla. Etter slutten av krigen voks folketalet kraftig i lag med industrien frå 5000 til rundt 53 000. Prievidza vart bustad for mange gruvearbeidarar som fann arbeid i nærliggande kolgruver, kraftstasjonar og ein kjemisk fabrikk nær byen Nováky.
Innbyggjarar
[endre | endre wikiteksten]| År | 1995 | 2005 | 2015 | 2025 |
|---|---|---|---|---|
| Antal personar | 54 405 | 51 412 | 47 143 | 41 959 |
| Forskjell | −5,50 % | −8,30 % | −10,99 % |
| År | 2024 | 2025 |
|---|---|---|
| Antal personar | 42 429 | 41 959 |
| Forskjell | −1,10 % |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 «Počet obyvateľov podľa pohlavia - obce (ročne) [om7101rr_obce=AREAS_SK]». Statistical Office of the Slovak Republic. 31. mars 2026. Henta 31. mars 2026.
- Denne artikkelen bygger på «Prievidza» frå Wikipedia på engelsk, den 14. april 2009.
