Priklepinne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Priklepinne med handtak.

Priklepinne er ein reiskap ein kan bruka til prikling, det vil seia omplanting av små plantar. Priklepinnar kan også brukast til å laga så- eller plantehol for frø, laukar eller rotknollar. Ein bruker pinnen til å laga små hol i jorda slik at plantane lett kan setjast nedi, utan å forstyrra røtene for mykje. Priklepinnar gjer det lettare å laga hol med jamn storleik.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Bruk av priklepinne.

Ein priklepinne er gjerne på storleik med ein tømmermannsblyant.[1] Det finst også lengre pinnar som ein kan bruka frå ståande stilling. Større reiskapar kan brukast til å laga større plantehol, til dømes ved treplanting eller potetsetting.

Tradisjonelt var dei laga av tre, seinare også av metall og no finst det også priklepinnar av plast. Priklepinnar kan ha ulike utformingar: Dei kan vera ein rett pinne, ein pinne med bøygd handtak som ein L, ein pinne med dobbelt handtak som ein T, eller ha meir forseggjort spadehandtak. Enden kan smalna til ein spiss[2] eller svulma til ei kule eller laukform ytst.[3] Andre endar kan vera kileforma og kan til dømes brukast i sandete jord eller til å laga plass for to plantar samtidig. Det finst også priklepinnar utforma med fleire spissar slik at dei kan laga fleire hol på ein gong.[4][5]

Spesiallaga laukplantarar er hole og henter ut eit stykke jord slik at ein har eit større hol klart til lauken.


Biletdøme[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Prikling», Store norske leksikon, 10. februar 2012, henta 31. august 2017 
  2. «№363. Wooden dibber», Antique Farm Tools - Peter Charles Dorrington 
  3. «№120. Iron dibber», Antique Farm Tools - Peter Charles Dorrington 
  4. John Claudius Loudon (1829), An Encyclopædia of Gardening, Longman, Rees, Orme, Brown, and Green, s. 270 
  5. «№666. Celery dibber», Antique Farm Tools - Peter Charles Dorrington