Prikling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Prikling med priklepinne.

Prikling er omplanting av småplantar til ein ny vekseplass.[1]

Teknikken blir gjerne brukt for grønsak- og blomsterplantar med lang veksetid. Ein sår då først tett for å spara kostbar veksthusplass. Når frøplantane har nådd ein viss storleik prikler ein dei til ein ny vekseplass der dei står mindre tett. Etter prikling blir plantane meir lubne og får kraftigare rotsystem, slik at dei betre toler utplantinga på den endelege veksestaden.[1]

Til prikling kan ein bruka ein priklepinne til å laga veksehol for plantane, og priklebrett for å fastsetja avstanden mellom dei.[2] Ein har også utvikla mekaniserte reiskapar til dette, til dømes prikleplog[3] og utplantingsmaskin.[4]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]