Primærsuksesjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Primærsuksesjon er eit uttrykk frå glasiologi og økologi for flora og fauna etter at ein isbre har trekt seg tilbake. Breen etterlèt seg eit område utan planteliv og dyreliv. Ikkje lenge etter at isen er borte, vil dei første plantene etablera seg, og etter kvart vil fleire arter av planter og dyr koma til. Ein økologisk suksesjon som startar «på berr bakke» blir kalla ein primærsuksesjon eller primær suksesjon. Primærsuksesjonar opptrer òg blant anna etter vulkanutbrot, etter leirras og jordskred og på tørrlagd innsjøbotn eller havbotn. Økologiske suksesjonar som ikkje startar på berr bakke, er sekundærsuksesjoner eller sekundære suksesjonar. Gjengroing av ein innsjø og endringane som skjer når eit åkerstykke vert liggjande brakt, er døme på sekundære suksesjonar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]