Primorsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For distriktet Primorskje, sjå Primorskij kraj
Primorsk
Приморск
Plassering
Primorsk is located in Russland
Primorsk is located in Leningrad oblast
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Leningrad oblast
Først nemnd i
Bystatus
1268
1940
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)

5 350
Koordinatar 60°22′″N 28°37′″EKoordinatar: 60°22′″N 28°37′″E
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 188910
Retningsnummer (tlf) +7 81378
Nettstad: www.primorsk.ru

Primorsk (russisk Приморск, finsk Koivisto, svensk Björkö[1]) er ein by i Leningrad oblast i Russland og den største russiske hamna ved Austersjøen. Han har om lag 5000 innbyggjarar. og ligg på Det karelske neset, 137 km vest for Sankt Petersburg, på nordkysten av Finskebukta.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Den nye oljehamna i Primorsk

Busetnaden vart først nemnd i russiske kjelder som Berjozovskoje («Bjørkelandsby») i 1268, då dei tyske handelsmennene frå Gotland bad republikken Novgorod om å sikre passasjen deira til elva Neva. Svenskane annekterte regionen under det tredje svenske krosstoget. Russarane tok tilbake byen og øyane utanfor ved slutten av den store nordiske krigen i 1721. Så delte byen skjebne med resten av Det karelske neset, det vil sei at han etter krigen 1808- 1809 vart innlemma i Storfyrstedømet Finland.

Primorsk utvikla seg på 1900-talet som ei uthamn for byen Viborg og var i første halvdelen av 1900-åra ein av dei mest framståande sjøfartsbyane i Finland, men ved Moskvafreden i 1940 måtte Finland avstå byen til Sovjetunionen. Under framhaldskrigen flytta mange finnar attende til byen, men etter våpenstillstanden i 1944 vart området overdrege til Sovjetunonen att.

Oljeterminal[endre | endre wikiteksten]

Primorsk er heimstad for den største oljeterminalen i Austersjøen, som vart utvikla av Putin-administrasjonen som endestasjon for røyrleidningssystemet, til ein pris på 2 000 000 000 USD. Terminalen starta drifta i desember 2001 og hadde utmanøvrert Ventspils og andre utanlandske rivalar i løpet av eitt år.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]