Prince Charles-øya
Utsjånad
| Charlesøya Prince Charles Island | |||
| øy | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Qikiqtaaluk | ||
| Areal | 9 521 km² | ||
| Folketal | 0 | ||
![]() Charlesøya 67°47′00″N 76°12′00″W / 67.783333°N 76.2°W | |||
| Wikimedia Commons: Prince Charles Island | |||
Prince Charles-øya (engelsk Prince Charles Island) er ei stor, låglendt øy i Canada. Ho har eit flatemål på 9 521 km². Største diameteren er 235 km. Øya ligg i Foxesjøen, ved vestkysten av Baffinøya. Ho høyrer til Qikiqtaalukregionen i Nunavutterritoriet. Øya er folketom og prega av låge temperaturar.
Trass i storleiken til øya vart ho ikkje registrert før enn i 1948. Det vart ho av flygaren Albert-Ernest Tomkinson frå det kanadiske luftforsvaret. Han var på tokt i eit fly av typen Avro Lancaster. Men det er rimeleg å tru lokale inuittar har kjent til øya i lange tider.
Øya fekk namn etter den britiske tronarvingen prins Charles av Wales, som vart fødd same året.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Prince Charles Island» frå Wikipedia på engelsk, den 21. juli 2009.

