Hopp til innhald

Prinsessa på erta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Prinsessa på erta

Forfattar(ar)H.C. Andersen
Språkdansk
Sjangerfortelling, kunsteventyr
Utgjeven8. mai 1835
Prinsessen på ærten-skulptur i Jesperhus.

«Prinsessa på erta», opphavleg tittel «Prindsessen paa Ærten», er eit kunsteventyr av H.C. Andersen. Det fortel om ein prins som leiter verda rundt etter ei «verkeleg» prinsesse, men ikkje finn nokon som når opp. Når ein mogleg kandidat bankar på døra til slottet og ber om husly, lager dronninga ein test som skal avgjera om ho er ei retteleg prinsesse. Ho legg ei ert i senga hennar, og dekker henne med 20 madrassar og 20 dyner av edderdun. Det viser seg at gjesten er så ømtolig at ho føler erta gjennom alle laga, og ikkje klarer å sova. Dette viser at ho er ei verkeleg prinsesse.[1]

Eventyret blei gitt ut for fyrste gong i den fyrste hefta eventyrsamlinga til Andersen, Eventyr, fortalte for Børn, som kom ut 18. mai 1835. Det er basert på eit folkeeventyr og blir sett på som eit «litterært eventyr».[2] Om dei tre eventyra i samlinga som var baserte på folkeeventyr forklarte H.C. Andersen seinare i samlinga Eventyr og Historier frå 1863: «De tre første Eventyr havde jeg i min Barndom hørt i Spindestuen og ved Humleplukningen.»[2]

«Prindsessen paa Ærten» er ganske kort. Hovudpersonen i eventyret går ikkje gjennom dei typiske tre prøvane i folkeeventyret, men berre ein enkelt prøve.[2]

H.C. Andersen sitt handskrift til «Prindsessen paa Ærten» er i Den Collinske ManuskriptsamlingDet Kongelige Bibliotek.[3]

  1. «Eventyr til juleferien: I 'Prinsessen på ærten' prikker H.C. Andersen hul på eventyrboblen», videnskab.dk (på dansk), 27. desember 2025, henta 14. mai 2026
  2. 1 2 3 Erik Koed Westergaard (8. mai 1985). Omkring H.C. Andersens første eventyr (på dansk). Hans Reitzels Forlag. ISBN 87-412-3831-1. OL 2634244M. Wikidata Q122974640.
  3. Bruno Svindborg (1. september 2011). «HC Andersen-overleveringen til og i Det Kongelige Bibliotek». Magasin fra Det Kongelige Bibliotek (på dansk) 24 (3): 12–20. ISSN 1904-4348. doi:10.7146/MAG.V24I3.66708. Wikidata Q122981832.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Prinsessa på erta