Prinsessa som ingen kunne målbinda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Du er så kroket i ord du,» sa prinsessen. «Nei, jeg er ikke kroket, men dette er kroket,» svarte gutten, og tok opp det ene bukkehornet. «Nei! nå har jeg aldri sett maken!» ropte prinsessen. «Her ser du maken,» sa gutten, og tok opp det andre.

Illustrasjon av Carl Larsson til folkeeventyret Prinsessen som ingen kunne målbinde[1] til en svensk utgave av Asbjørnsen og Moes eventyrsamling utgitt 1927.[2]

«Prinsessa som ingen kunne målbinda» er eit norsk folkeeventyr[1] som først vart gjeve ut med tittelen «Spurninge» i Asbjørnsen og Moe si første utgåve av Norske Folkeeventyr frå 1843. Seinare vart det òg teke med i andre utgåver.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Eventyret fortel om ei prinsesse som er «så vrien og vrang i ord», og kongen lovar ho bort til den som kan målbinda ho. Etter kvart vert konggarden så nedrent av folk som vil prøva seg at dei får melding om at viss dei mislukkast, så skal dei få svidd øyro av med eit svijern han har liggjande i ein glohaug. Oskeladden og dei to storebrørne hans dreg avstad for å prøva lukka. Undervegs samlar Oskeladden med seg to bukkehorn, ein  gamal skosåle og anna skrot, i det minste i følgje dei eldre brørne.

Vel framme mister dei eldre brørne munn og mæle straks prinsessa viser til glohaugen. Lillebroren derimot klarer prøven ved hjelp av evnne sine som ordsmed og med samlinga av gjenstandar han skaffa undervegs. Han klarer å målbinda prinsessa, og dermed vinn Oskeladden både kongdottera og halve kongeriket.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Prinsessen som ingen kunne målbinde»
  2. «Prinsessan som aldrig blev svarslös»

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]