Prinsesse Astrid Kyst

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Prinsesse Astrid Kyst is located in Antarktis
Prinsesse Astrid Kyst
Prinsesse Astrid Kyst (Antarktis)

Koordinatar: 70°45′S 12°30′E Prinsesse Astrid Kyst er den delen av kysten av Dronning Maud Land som ligg mellom 5° og 20 °E, mellom Trolltunga og Sedovodden. Heile kysten består av isbremmar. Han vart oppdaga av kaptein H. Halvorsen på kvalkokeriet «New Sevilla» i mars 1931 og kalla opp etter Prinsesse Astrid av Noreg.

Utanfor Prinsesse Astrid Kyst ligg Lazarevhavet og Riiser-Larsenhavet, begge randhav i Sørishavet. Norske styresmakter har derimot definert at Kong Haakon 7 Hav strekkjer seg langs heile kysten av Dronning Maud Land, inkludert Prinsesse Astrid Kyst.

Fleire land har forskingsstasjonar i dette området.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Prinsesse Astrid Kyst» (innhald frå Geographic Names Information System).