Pripps

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pripps sitt tidlegare bryggjeri i Ulvsunda industriområde i Stockholm.

Pripps var eit svensk bryggjeriføretak som no lever vidare som svensk varemerke. Pripps inngår no i Carlsberg Sverige som tilhøyrer det danske bryggerikonsernet Carlsberg.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Pripp Bryggerierna vart i 1964 AB Pripps gjennom ein fusjon av Sveriges to største bryggeri Pripp & Lyckholm i Göteborg - som nyleg hadde overtatt Malmö Förenade Bryggerier og dermed blitt landets største - og AB Stockholms Bryggerier. Det nye foretaket fekk hovudkontor i Stockholm, men tok namnet frå göteborgsbryggjeriet.

Namnet «Pripp» kom frå Johan Albrecht Pripp, som dreiv bryggjeri i Göteborg frå 1828. Føretaket kom til å bli fusjonert med mange andre bryggeri gjennom åra, men namnet Pripp vart halde på til og med på dei nye føretakskonstruksjonane, likesom varemerket «Pripps».

Etter fleire eigarbytte vart AB Pripps kjøpt av danske Carlsberg og integrert med carlsbergeigde Falcon. I dag er det ikkje lenger produksjon i nokon av anlegga som tilhøyrer Pripps. Carlsberg Sverige har sitt einaste bryggjeri i Falcons anlegg i Falkenberg. Hovudkontoret har blitt verande i Pripps gamle bryggeri- og kontorsbygning i Bromma.

Carlsberg-overtaking[endre | endre wikiteksten]

Pripps Blå.

Foretaket vart kjøpt i 2000 av danske Carlsberg som etablerte Carlsberg Sverige. Verksemda vart integrert med Falcon, som tidlegare hadde blitt overtatt av Carlsberg, og produksjonen i Göteborg og Bromma vart avvikla. Nokre varemerke lever vidare i Carlsberg Sverige sitt produktsortiment: Pripps Blå, Pripps Julöl, Carnegie Porter, Festis, Ramlösa og Apotekarnes. Mange av dei andre Pripps-varemerka har blitt fasa ut.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]