Prisoner in Disguise

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Prisoner In Disguise
Studioalbum av Linda Ronstadt
Språk engelsk
Utgjeve 15. september 1975
Innspelt Februar til juni 1975
Studio The Sound Factory i Los Angeles i California
Sjanger Rock, countryrock
Lengd 35:57
Selskap Asylum, Rhino
Produsent Peter Asher
Linda Ronstadt-kronologi 
Heart Like a Wheel
(1974)
Prisoner In Disguise Hasten Down the Wind
(1976)


Singlar frå Prisoner in Disguise
  1. «Love Is a Rose»
    Utgjeve: 18. august 1975
  2. «Heat Wave»
    Utgjeve: 15. september 1975
  3. «Tracks of My Tears»
    Utgjeve: 8. desember 1975

Prisoner In Disguise (1975) er det sjette studioalbumet til den amerikanske songaren Linda Ronstadt og det andre på Asylum Records. Det følgde gjennombrotsalbumet hennar, Heart Like a Wheel, som vart det første av tre album som nådde toppen av Billboard-lista tidleg i 1975.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ronstadt valde songar frå vener og låtskrivarar som James Taylor, Lowell George i Little Feat, J.D. Souther og Anna McGarrigle og ein song skriven og først spelt inn av Jimmy Cliff, i tillegg til ei tolking av Dolly Parton-songen «I Will Always Love You». Albumet har strykararrangement av David Campbell. Blant gjestemusikarane var Emmylou Harris, som song med Ronstadt på standardsongen «The Sweetest Gift».

Den originale vinylalbumet kom eit dobbeltfalsa omslag, der midten inneheld bilete av forskjellite tekstark til songane, dei fleste handskrivne av dei originale låtskrivarane.

Trisha Yearwood omtalte Prisoner in Disguise som ein inspirasjon, og tok med seg albumet til produsenten sin i byrjinga av karrieren og sa «Det er slik musikk eg vil lage.»[1]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 stars[2]
Christgau's Record GuideB[3]
Rolling Stone(middels)[4]
The Rolling Stone Album Guide3/5 stars[5]

Steve Simels i Stereo Review skreiv i desember 1975 at synginga til Ronstadt på Parton-songen «I Will Always Love You» som «absolutt nydeleg, fyldig og intens».[6] Albumet nådde fjerdeplassen på Billboard-lista.[7] Det nådde òg andreplassen på country-lista,[8] og selde til platinaplate i USA.

«Heat Wave» var ein rocka versjon av hitten av Martha and the Vandellas frå 1963, og nådde femteplassen på Billboard Hot 100. B-sida, Neil Young-songen «Love Is A Rose», vart òg spelt mykje på radio og nådde femteplassen på Hot Country Songs-lista.[9]

Den dobbelsida singelen «Tracks Of My Tears», ein song av The Miracles frå 1965 og «The Sweetest Gift», ein eldre countrystandard som nyleg var blitt spelt av Seldom Scene,[10] gjekk òg inn på countrylista, på høvesvis 11. og 12. plasssen tidleg i 1976. «Tracks of My Tears» nådde òg 25. plassen på Billboard Hot 100 og fjerdeplassen på adult contemporary-lista. Eit albumspor skrive av Lowell George, «Roll Um Easy», vart populært på det nye AOR-formatet (album-orientert rock).

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Love Is a Rose»Neil Young2:46
2.«Hey Mister, That's Me Up on the Jukebox»James Taylor3:56
3.«Roll Um Easy» (med Lowell George på slidegitar)Lowell George2:58
4.«Tracks of My Tears»Warren «Pete» Moore, William «Smokey» Robinson jr., Marvin Tarplin3:12
5.«Prisoner in Disguise» (med J.D. Souther på harmonivokal)J.D. Souther3:54
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Heat Wave»Lamont Dozier, Brian Holland, Eddie Holland2:46
7.«Many Rivers to Cross»Jimmy Cliff4:05
8.«The Sweetest Gift» (med Emmylou Harris på harmonivokal)James B. Coats3:00
9.«You Tell Me That I'm Falling Down» (med Maria Muldaur på harmonivokal & James Taylor på akustisk gitar)Carol S. Holland, Anna McGarrigle3:17
10.«I Will Always Love You»Dolly Parton3:00
11.«Silver Blue» (med J.D. Souther på harmonivokal)J.D. Souther3:03
Total lengd:35:57

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1975/76) Plassering
Australia (Kent Music Report)[11] 76
USA (Billboard 200) 4

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «100 Greatest Women / #8 Trisha Yearwood». CountryUniverse.net. Henta 1. desember 2020. 
  2. Allmusic review
  3. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: R». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 29. november 2020 – via robertchristgau.com. 
  4. «Prisoner in Disguise». Arkivert frå originalen 12. august 2017. Henta 2. desember 2020. 
  5. Brackett, Nathan; Christian Hoard (2004). The Rolling Stone Album Guide. New York City, New York: Simon and Schuster. s. 701. ISBN 0-7432-0169-8. «rolling stone linda ronstadt album guide.» 
  6. «Album Review / Linda Ronstadt- Prisoner in Disguise». Ronstadt-linda.com. Henta 1. desember 2020. 
  7. «Linda Ronstadt Top Pop Albums». Ronstadt-linda.com. 15. juli 1946. Henta 1. desember 2020. 
  8. «Prisoner in Disguise > Charts & Awards > Billboard Albums». Allmusic. Henta 1. desember 2020. 
  9. «Linda Ronstadt Top Country Singles». Ronstadt-linda.com. Henta 1. desember 2020. 
  10. «Act Two». Allmusic. Henta 1. desember 2020. 
  11. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 258. ISBN 0-646-11917-6.