Det tyske rettssystemet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Privatrecht)
Gå til: navigering, søk

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det tyske rettssystemet er som fleire av dei kontinentaleuropeiske rettssystema prega av romarretten. Frå 1200-talet til 1500-talet byrja denne å verte importert frå Nord-Italia. Romarretten vart dels sidestilt med, dels tok den over for dei enkelte germaniske stamme-rettssystema. Romarretten pregar den tyske retten i dag særskilt gjennom den systematiske rettsutviklinga på 1800-talet.

Grunnleggjande for den tyske retten i dag er óg, ikkje minst, erfaringane frå 1933 til 1945 med den barbariske naziretten. Desse gav grunnlaget for ein omfattande debatt om rettspositivismen og den "over-positive" retten. Debatten gjekk m.a. på "når er rett ikkje lenger rett", eksistensen av ein naturrett og skiljet mellom positiv rett og moral. Desse spørsmåla fekk dels svar gjennom utviklinga av det internasjonale menneskerettsomgrepet.

Rettsområde (Rechtsgebiete)[endre | endre wikiteksten]

  • Privatrecht (Privatrett)
Den tyske privatretten er regulert gjennom ei rad enkeltlovar (Einzelgesetzen) men har sentrum i lovasamlinga Bürgerliches Gesetzbuch (BGB) (norsk: den borgarlege/sivile lovboka), som byrja å verka frå 1. januar 1900. I Austerrike er den tilsvarande lovsamlinga Allgemeines Bürgerliches Gesetzbuch (ABGB) og i Sveits Schweizer Zivilgesetzbuch (ZGB).
  • Öffentliches Recht (Offentleg rett) omfattar normar som gjer kompetanse til å nytte offentleg vald eller å gje offentlege plikter.