Lingvistisk produktivitet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Produktivitet (lingvistikk))

Produktivitet er ein eigenskap ved språklege ovringar, og fortel om dei kan opptre i nye samanhengar. Med språklege ovringar meiner vi mellom anna morfem, bøyingsmønster, ord og grammatiske konstruksjonar. Det finst ulike gradar av produktivitet.

Døme frå morfologien[endre | endre wikiteksten]

Ein gong på 1900-talet, truleg i siste helvta, lånte vi verbet digge 'like, nye' frå verbet dig 'setje pris på, like' i nordamerikansk engelsk slang – truleg gjennom svensk, skriv Nynorskordboka. Det heiter til dømes å digge rock. Då digge blei lånt, laut det bøyast i samsvar med eitt eller anna norsk bøyingsmønster. Her er dei tre mest sannsynlege mønstera det kunne følgje, oppgjevne med infinitiv, presens, preteritum og perfektum partisipp:

  • Bøyingsmønster A
    • digge
    • diggar
    • digga
    • digga
  • Bøyingsmønster B
    • digge
    • digger
    • digde
    • digd
  • Bøyingsmønster C
    • digge
    • digg
    • dagg
    • dugge




Som kjent følgjer digge bøyingsmønster A, og dette er ein indikasjon på at dette mønsteret er meir produktivt enn dei to andre bøyingsmønstera. Her er tre vanlege indikasjonar på produktivitet for bøyingsklassar:

  1. Dersom lånord i større grad følgjer bøyingsklasse X enn bøyingsklasse Y, er X meir produktiv enn Y.
  2. Dersom ord i større grad skifter medlemskap frå bøyingsklasse Y til X enn omvendt, er X meir produktiv enn Y.
  3. Dersom born heller bøyer eit ord i samsvar med bøyingsklasse X enn med bøyingsklasse Y, er X meir produktiv enn Y.

Eit døme på indikasjon 2 har vi ved verbet drøfte. Nynorskordboka oppgjev at dette verbet kan bøyast i samsvar med både bøyingsmønster A og bøyingsmønster B:

  • Bøyingsmønster A
    • drøfte
    • drøftar
    • drøfta
    • drøfta
  • Bøyingsmønster B
    • drøfte
    • drøfter
    • drøfte
    • drøft





I Norsk Ordbog oppgjev Ivar Aasen berre bøyingsmønster B for dryfta, og dette er den eldste bøyinga av dette verbet. Fleire verb som opphavleg blei bøygde etter bøyingsklasse B, har gått over i til bøyingsklasse A i mange dialektar, og dette er ein indikasjon på at bøyingsmønster A er meir produktivt enn bøyingsmønster B.